Hilde Vormedal Nybø, Bladet Sunnhordland
Hilde Vormedal Nybø, Bladet Sunnhordland

For rundt 5.000 år sidan var det eit naudsynt verktøy. Førre helg la ein stordabu ut ei steinalderøks for sal på nettet.

Øksa skal ifølgje annonsen, som stod på Finn.no, og på gruppa «Ønskes solgt, kjøpes, gis bort – Stord og omegn» på Facebook, vera frå mellom 3.300-2.400 f. Kr.

Seljaren skriv at flintøksa kan omsetjast fritt fordi ho er funnen i Danmark. Prisen er sett til 1.000 kroner.

Meldt til politiet
– Det er ikkje greitt, meiner Lars Søgaard Sørensen.

 Han er arkeolog i Rogaland fylkeskommune, og varsla Finn.no om annonsen. Sørensen er kontaktperson for folk som driv med metallsøk. Han peikar på at det ikkje utan vidare er lov å innføre og utføre fornminne.

LES OGSÅ: Marken Kurt er til sals

Han gjekk i dialog med seljaren som stod på sitt at øksa kunne seljast. Sørensen fortel til Sunnhordland at han også har meldt frå til Økokrim om annonsen.

Jarle Grindheim i økoteamet i politiet i Haugesund stadfester at dei har fått melding om annonsen.

– Me vil undersøkja saka nærmare, seier Grindheim til Sunnhordland.

Tollsak
Jostein Aksdal er arkeolog i Hordaland fylkeskommune.

– Me har sjekka litt også med tanke på kva rolle me har i slike saker. I Norge er det slik at fornminne som er funne etter 1905 er statens eige og ikkje lov å selja. Dersom ein tek med seg eit fornminne frå eit anna land så må ein ha dokumentasjon på objektet og utføringspapir som viser at det er lov å ta objektet ut av landet, og innføringspapir til Norge. Har ein ikkje det, er det slik me ha funne ut, først og fremst ei tollsak, seier Aksdal.

Med ein salssum på 1.000 kroner blir det med andre ord snakk om eit svært lite beløp.

– Får de tips om mange slike saker?

– Nei, det er ikkje mange slike saker me får melding om. Men her er nok ein stor skuggemarknad. Det er mange samlarar der ute, seier Aksdal.

LES OGSÅ: Sensasjonelle funn i Sogn

Stor svart marknad
Jostein Gundersen er seniorrådgjevar ved Riksantikvaren. Han kjenner ikkje den konkrete saka, men meiner det kan vera lov å selja steinalderøksa dersom ho er dansk.

– Men det er viktig å vera merksam på at andre land kan ha minst like strenge reglar som Norge. Internasjonalt er det eit stort problem at fornminne blir omsett. Ikkje minst i samband med krig og konfliktområde, seier Gundersen.

Han seier at det ikkje er vanleg at det dukkar opp fornminne for sal på til dømes Finn.no.

– I slike tilfelle skuldast det oftast at ein ikkje veit betre, seier Gundersen.

Sunnhordland har vore i kontakt med seljaren, men han ønskjer ikkje å kommentera saka.

Les saka i Sunnhordland!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

Kommentarar

ANNONSE