Åt Siri albinokaninen sin til middag?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 11.06.2017 15:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg må innrømma at eg ikkje har tenkt så mykje på kaninen min i det siste, ler Siri Bråtveit.

Førre veke vann «Albinokanin til middag» både publikumsprisen og prisen for beste kortdokumentar i NRK P2 sin første kortfilmkonkurranse.

Det betyr at Bråtveit sin tre minutt lange film skal representera Noreg i den nordiske tevlinga i København.

LES OGSÅ: Martha får massiv støtte etter å ha laga film om magen sin

Skrelle-stykke
Å laga noko kort og godt er eit lite kunststykke.

Det er ein balansegong å seia akkurat nok.

– Du må velja kvart einaste ord og må skrella, skrella og skrella, forklarar Siri.

I den prisvinnande kortdokumentaren har 28-åringen latt seg inspirera av amerikanske podcastar og undersøkt eit mysterium frå barndommen. Kva skjedde eigentleg med dei to kaninane, som naboen påsto dei hadde ete til middag ein gong på 90-talet?

Ho ringjer både bror, mor og naboen som sette ut ryktet.

Ein opptaksdag og to redigeringsdagar gjekk med til å laga tre radiominutt.

LES OGSÅ: Politikk og Paradise

Podcast-prosjekt
Siri er nyutdanna dokumentarfilmregissør frå Høgskolen i Lillehammer og har nyleg flytta heim til Suldal for å forhåpentlegvis starte med sine eigne filmprosjekt i framtida.

Draumen er å få lov til å laga film med eit like sterkt innhald som formspråk.

Men arbeidet med lyd gav filmentusiasten meirsmak.

– Utfordringa er å skapa bilete utan å ha eit bilete, slik som ein har når ein jobbar med dokumentarfilm. Å få den som lyttar til å sjå ting føre seg utan å sjå det. Eg trur kanskje det kan vere enno sterkare enn film, om du får lyttarane med.

Utover våren planlegg ho å laga ein eigen podcast saman med kunstnar og kurator Gunhild Moe frå Suldal. Prosjektet er heilt i startgropa, men podcasten har allereie fått namnet «Hi leo».

– Det er dialekt for «den andre sida», forklarar Siri.

LES OGSÅ: Web-seriar får fram fleire stemmer, perspektiv og mangfald

Amerikansk inspirasjon
Dei ser for seg litt lengre episodar, som kanskje kjem ut nokre gonger i halvåret. Målsetjinga er å utforska podcast som medium for historieformidling, og å laga ein podcast med innhald av høg kunstnarleg kvalitet.

– Eg syns podcast er eit veldig spanande medium. Og det ser ut som det er ganske veksande i Noreg òg. Folk har på ein måte oppdaga podcasten. Me ynskjer at «Hi leo» skal bli eit alternativ til dei store mediebedriftene sine podcastar.Etter modell og med referanse til mellom anna dei amerikanske podcastane «Strangers» og «This American Life» ynskjer me å publisera episodar av høg kvalitet jamleg og over tid, forklarar historieformidlaren.

Siri ser at kortformatet er i vinden på filmfronten, men er ikkje heilt overtydd om at det same gjeld på radiofronten.

– Eg trur folk òg set pris på dei litt lengre episodane, så me må ikkje gløyma dei, avsluttar 28-åringen.