(NPK-NTB):
(NPK-NTB):

Rundt 2500 barn i barnehagealder bur på norske asylmottak i dag. Berre i Trondheim kommune får asylsøkjarbarna tilbod om barnehageplass på lik linje med norske barn, skriv Klassekampen.

Retten til barnehage må gjerast uavhengig av opphaldsstatus, på same måte som retten til å gå på skule, meiner Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet. Han påpeiker overfor Klassekampen at det tar månader og år før ein asylsøkjar er busett i ein kommune. I mellomtida går barna glipp av ei viktig moglegheit til å lære språk og sosiale kodar.

Barneombudet har fleire gonger bedt om at regelverket blir endra. Det er likevel usikkert kor mange barn som får ei form for tilbod.

– Vi fører ikkje statistikk over kor mange asylsøkjarbarn som får barnehageplass, men gir tilskot til kommunar som tilbyr barnehageplass til asylsøkjarbarn i alderen 4– 5 år, seier Kristian Nicolai Stakset-Gundersen i Utlendingsdirektoratet.

Kunnskapsdepartementet meiner tilbodet i dag er godt nok. – UDI stiller krav til alle dei som driv mottak om at dei skal ha eit tilrettelagt tilbod til alle barn frå to år til grunnskulealder på minst tre timar kvar kvardag, seier Birgitte Jordahl (H) til avisa. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.07

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE