Hippien som aldri drog heim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

TEPOZTLAN, MEXICO (Utenfilter.net): Hippierørsla på 1960- og 1970-talet er forbunden med eit utal historier og myter. Det meste som kunne protesterast mot i samfunnet vart protestert mot, og det fanst knapt ein etablert sanning som ikkje vart utfordra. Men åra gjekk, og protestrørsla døydde sakte men sikkert ut, og vart overteken av individualismens tidsalder på 1980-talet. Dei mest hardbarka hippiane fekk familie og jobb, og leier i dag samfunnsinstitusjonane som dei sjølv ein gong hadde gjort opp opprør mot.

Men ikkje alle ga seg.

Jan Svante Vanbart frå Sverige var ein av dei klassiske 68-arane. Han levde i kunstnarkollektiv i tilknyting til dei alternative miljøa Lund og Christiania i København, og dreiv med antiimperialistisk teater. Så gjekk turen ut i verda, der han med ei gruppe reiste rundt i minibuss til India. Seinare sto Bali, Australia, Tahiti, USA og Mexico for tur. Han drog aldri heim att. Mexico vart staden der dei slo seg ned og bygde ein eigen økolandsby, i byen Tepoztlan utanfor Mexico City. Her har Vanbart no budd i rundt 35 år. Til forandring frå dei fleste frå hans generasjon, så er han heilt tru mot alt det han stod for på 1970-talet.

LES OGSÅ: Økonomen spår brutal krise i Noreg

– Det var ingen dynamikk i kulturen vår i Skandinavia, så me søkte heilt enkelt noko nytt og ville sjå kva verda hadde å by på. Livet var føreseieleg, det var ein lineær måte å leve livet må. Du vart fødd, du går på skulen, du får arbeid, du får barn, villa og Volvo, og så får du pensjon og så var det slutt. Eg ville ikkje leve det livet. Nei!

Vanbart ga i 2005 ut boka “Vi drog – Jorden runt med 68-generationen” – der han fortalte om det fantastiske livet han har levd, og møtet med alle verdskulturane han har lært å kjenne. Og om kor glad han er for at han aldri ga opp hippielivet på 70-talet.

– Mange av oss blei fiska opp av samfunnet. Mange av oss hadde høg utdanning og fekk barn, og når dei då fekk jobbtilbod med gode lønningar var det vanskeleg for mange å seie nei, seier Vanbart.

– Eg valde å halde på fridomen min. Mange av oss er høgt utdanna, men me droppa ut og valde vår eigen veg. Det er ikkje ein enkel veg – du må arbeide hardt. Du har ikkje samfunnet som støttespelar, som ein har i Skandinavia, så måtte me arbeide for alt. Men det er eit mykje meir rikt liv samanlikna med å vere det eg vil kalla ein slavearbeidar i staten eller ein kommune.

LES OGSÅ: Går til krig mot fleirtalet

– Trur du det er mange av 68-arane som i dag pensjonerer seg som sit igjen med litt dårleg kjensle i kroppen av å ha vald det konforme livet?

– Eg har kjent menneske som ikkje ein gong vil snakke om det. Når eg presenterte boka mi så var det mange som fordømte boka mi, men eg trur det var ein reaksjon på at eg skreiv om noko dei gjerne ville gjort, men som eg gjorde. Det liv som dei trudde skulle vere deira liv, men som blei mitt liv i staden. Difor vil dei ikkje ha nokon som minner dei på om det frie liv. Dei ville ikkje innrømme at dei flytta over til den bekvemme sida.

Men no trur Vanbart at me ser starten på ei ny grøn bølgje, der stadig fleire unge er leie av å ha så mykje moderne teknologi rundt seg heile tida.

– No trur eg det er eit generasjonsskifte på gang igjen. Eg merkar at fleire og fleire er trøtt av livet med telefon og iPad og vil tilbake til naturen. Eg har vore på konferansar her i Mexico der hundrevis av unge er klare til å leve eit liv i pakt med naturen.

Faktaboks

Framtida.no har byrja å samarbeida med podcasten Uten Filter, og vil publisera fleire episodar framover i haust.

Jonas Sætre står bak podkasten og har ansvaret for innhald og produksjon. Sætre har tidlegare jobba som nyheitsjournalist i NRK, Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende, og arbeidd frilans for ei rekkje publikasjonar. Av utdanning har han ein bachelor i historie, med spesialisering i amerikansk politisk historie, mellom anna frå American Univerisity i Washington, D.C.