TTIP på 1-2-3-4

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag denne veka var ein fullsett sal samla i Kulturhuset i Oslo for å høyre økonom i Manifest Tankesmie og forfattar av pamfletten «TTIP og TISA på 1-2-3», Lars Gunnesdal forklara.

LES OGSÅ: «TISA-avtala truar folkestyret»

Noreg utfor TTIP
TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership) er ein frihandels- og investeringsavtale som vert forhandla fram mellom EU og USA.

Forhandlingane starta i juli 2013. Planen var opphavleg å ha ein ferdig avtale i 2015.

Noreg deltek ikkje i desse forhandlingane sidan me ikkje er med i EU.

Det er framleis usikkert korleis denne avtalen vil påverka Noreg som EØS-land.

Ifølgje regjeringa går 86 prosent av norsk vareeksport til USA og EU, medan 70 prosent av importen vår kjem frå desse områda.

Regjeringa er for frihandel og tykkjer det er positivt at EU og USA forhandlar om denne avtalen, men frykta er at norsk næringsliv vil tapa på å stå utfor eit samarbeid som gjer det gunstigare for USA og EU å handle med kvarandre.

I ein kronikk i VG frå mars 2015 utelukkar ikkje næringslivsminister Monica Mæland og dåverande europaminister Vidar Helgesen at ei tilslutning til avtalen vil vere aktuelt for Noreg.

Ifølgje Næringslivets Hovedorganisasjon og europaminister Elisabeth Aspaker kan TTIP-avtalen vekkja til live norsk EU-debatt.

Andre alternativ er å laga ein eigen avtale med USA eller å stå heilt utanfor.

LES OGSÅ: Vil ha dobbelt så mange vernepliktige

Klorvaska kylling
I arbeidet med TTIP forhandlar EU og USA om å senka toll, felles reglar og standardar for dei fleste vare- og tenesteområder og betre vilkår for utanlandske investorar.

Motstandarar av avtalen fryktar det vil gå ut over arbeidstakarane sine rettar, svekkja forbrukarrettane og føra til lågare standardar for miljø, tryggleik og helse.

Gunnesdal er blant dei som fryktar eit «race to the bottom» der amerikanske standardar vert gjeldande for alle.

Kritikarane fryktar òg auka privatisering av offentlege velferdsgoder som utdanning og naturressursar som vatn, mindre regulering av bank- og finansnæringa og ei svekking av personvernet.

I norsk media har særleg matvaretryggleik vorte løfta fram.

Typiske eksempel er Forbrukarrådet si frykt for lågare standard for matmerking, at det vert tillatt med genmanipulert mat, meir veksthormon og antibiotika som fører til resistente bakteriar og at det vert lovleg med amerikansk klorvaska kylling i Europa.

LES OGSÅ: Erna vil ikkje forby Uber

Kritikk for hemmeleghald
EU skriv på sine nettsider at dei freistar å vere så opne som mogleg rundt forhandlingane.

Forhandlingane har fått mykje kritikk for hemmeleghald, men gjennom Wikileaks har offentlegheita fått innsyn i delar av det.

Gunnesdal slår fast at forhandlingane er prega av «eit stort demokratisk underskot» og at det vil snevra inn det politiske handlingsrommet for framtidas politikarar.

FN-ekspertar har òg uttrykt uro for at slike frihandelsavtalar kan gå ut over menneskerettar som retten til liv, mat, vatn, sanitære forhold, utdanning helse, bustad, utdanning, forsking og kultur, betre arbeidsvilkår, eit uavhengig rettsvesen og eit reint miljø.

Motstanden mot TTIP og den allereie inngåtte handelsavtalen CETA (Comprehensive Economic and Trade Agreement) mellom Canada og EU er stor i Europa.

Til no har 3,3 millionar menneske skrive under på det som er verdas største underskriftskampanje.

LES OGSÅ: Kan få store følgjer for Noreg

Røykesøksmål
Ei av dei mest kritiserte punkta i avtalen er bruken av såkalla Investor-State Dispute Settlement (ISDS) som vil gjere det lettare for selskap å saksøke statar for tap av inntekt.

Slike søksmål har auka i tal og omfang dei siste åra.

I denne saka frå Vårt land kan du lesa om ti land som har vorte saksøkt.

Eit typisk døme er tobakksgigant Philip Morris, som freista å saksøka Noreg etter innføringa av den norske røykelova i 2004 og gjekk til søksmål mot Australia då dei i 2011 forbaud firmalogoar på tobakksprodukt.

I desember meldte britiske The Guardian at Australia har fått medhald, men at saka ikkje er over enno.

Eit anna eksempel er svenske Vattenfall, som anklagar Tyskland for tapt forteneste etter vedtaket om å fasa ut atomkraft.

Motstandarane fryktar at trugselen om slike søksmål i seg sjølv kan vera nok til å hindra politikarar i å gjera nye vedtak og slik binde framtidas politikarar.

Forkjemparane meiner at det er ein viktig tryggleik for selskap, som vil fremja investeringar på tvers av landegrenser.

Faktaboks

TTIP (Transatlantic Trade and Investment Partnership)

EU og USA har forhandla om frihandelsavtalen TTIP sidan 2013

TTIP er ein bilateral handelsavtale (BIT), som er ein handelsavtale mellom to land (eller i dette tilfellet EU og USA)

Målet er å leggja til rette for meir handel på tvers av grenser ved å laga eit frihandelsområde der ein fjernar toll og avgifter

Avtalen tek føre seg regelverk, standardar og tilgang for varer, tenester, offentlege tenester og ikkje minst tilgang og vern av investeringar

Målet er no å bli ferdig i løpet av 2016

Avtalen må godkjennast av EUs medlemsland og Europaparlamentet

Om partane vert einige vert det verdas største frihandelsavtale

Forkjemparane for avtalen argumenterer med økonomisk vekst og nye arbeidsplassar

Motstandarane fryktar for menneskerettane og demokratiet