Norsk våpeneksport auka i 2015
Noreg eksporterte våpen for 2,4 milliardar kroner i 2015. Det var ein auke på 600 millionar kroner og gjer Noreg til den tiande største våpeneksportøren i verda.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er særleg varegruppene «bomber, granatar, torpedoar mm.» og «patronar og delar» som har auka mykje, ifølge Statistisk sentralbyrå.
Av totalen på 2,4 milliardar kroner gjekk 1,6 milliardar, eller rundt 70 prosent, til NATO-land.
Bomber og granatar
I gruppa «bomber, granatar og torpedoar mm.» vart det eksportert våpen for til saman 1,1 milliardar kroner, noko som er 98 millionar kroner meir enn året før og det meste som er notert i denne varegruppa.
Sjølv om eksporten kan variere frå år til år på grunn av våpenavtalar, har USA gjennom mange år vore den største kjøparen av norske våpen. (©NPK)