Førde fekk nynorskheider

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var kjent frå før at Førde kan kalle seg «Årets nynorskkommune 2015», men torsdag kunne ordførar Olve Grotle (H) og kommunalsjef Trond Ueland ta imot beviset. Kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) overrekte prispengane på 100.000 kroner under ei markering i Kulturdepartementet.

– Det blir gjort godt arbeid i mange nynorskkommunar. De gjer spesielt godt arbeid og er ein pådrivar i regionen, sa Hofstad Helleland, og viste mellom anna til prosjektet «Nynorskbyen Førde», eit prosjekt med fleire nynorsktiltak som hadde oppstart i fjor.

LES OGSÅ: Førde vil bli «nynorskbyen»

Nynorskbyen
Juryen meiner kommunen viser «eit reelt språkpolitisk engasjement og ein vilje til å leggje til rette for eit større nynorskmiljø både i kommunen og regionen». I søknaden har kommunen kunna vise til tiltak innanfor både næringsliv, kulturliv, kommunal forvaltning og skuleverk. Juryen gir Førde særleg ros for «den solide, nynorske språkopplæringa» for barn og unge.

– Sjølv om Førde ligg i kjerneområdet for nynorsk, er det viktig at det vert arbeidd aktivt for at nynorsk skal vere det sjølvsagde språkvalet for dei som bur og arbeider på staden, skriv juryen i grunngjevinga si, og meiner det vil gi positive ringverknader at den største tettstaden i regionen er ein nynorskpådrivar.

– Stoltheit er eit viktig stikkord for nynorsk og språk. Dette er ikkje pris til berre Førde kommune, men til heile regionen. Nynorsken står sterkt i Sogn og Fjordane, sa Grotle under markeringa.

LES OGSÅ: Nynorskkommune med Noregs beste slagord

– Ikkje raudpenn
Førde er oppteken av å fremje dei positive sidene ved nynorsken, ikkje av raudpenn og å finne feil, streka Grotle og Ueland under. Prispengane har kommunen fleire planar for.

– Vi har fleire sektorar vi vil satse på. Vi kjem til å vere ekstra påpasselege med nynorskdelen av opplæringa vår. Vi har mellom anna eit samarbeid med Samlaget om å teste nynorskbøker, fortalde Grotle.

Han viste til at også næringslivet i Førde er flink til å bruke nynorsk. Innanfor kulturlivet går førdianarane med planar om eit litteraturhus utan hus, som eit nettverk av arrangørstader.

– Vi ønskjer å etablere eit litteraturhus, ikkje i fysisk forstand, men som ein måte å arrangere på. Der vil vi leggje til rette for ulike arrangement der nynorsk er eitt av nøkkelomgrepa, fortalde ordføraren.

Faktaboks

Nynorskprisen har blitt delt ut sidan 2009.

Tidlegare vinnarar er: Radøy (2014), Ørsta (2013), Sogn og Fjordane (2010), Fjell (2011), Seljord (2010), Stord (2009)

Til no er det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som har delt han ut. Dette er første gong utdelinga skjer i regi av Kulturdepartementet. 

Juryen har vore sett saman av seksjonssjef i Språkrådet Kristin Solbjør, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser Rune Hetland, direktør i Nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad og dagleg leiar i Noregs Mållag Gro Morken Endresen. (©NPK)