Sunnmørsalpane i spektakulær film

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Etter filmen var det utruleg mange som kom bort og skraut av segmentet frå Noreg. Det var utruleg mykje gode tilbakemeldingar, og det er jo heilt fantastisk, seier den norske skikøyraren Karsten Gefle til magasinet Fri Flyt, som først omtala saka.

I ekstremsportfilmen «Don't Crack Under Pressure» viser han fram dei spektakulære Sunnmørsalpane.

LES OGSÅ: Feirar basehoppets far med ny dokumentarfilm

Don't Crack Under Pressure – Nuit de la Glisse 2015 Official Trailer from Nuit de la Glisse Films on Vimeo.

Forelska i Sunnmørsalpane
«Don't Crack Under Pressure» er filma i formatet 4k og regissert av den franske filmskaparen Thierry Donard for selskapet Nuit de la Glisse.

Filmen er så langt vist på 900 kinoar i Europa og har fått noregspremiere på Colosseum kino 21. januar.

Filmen byr på både kitesurfing, surfing, fridykking og wingsuit, i tillegg til ski- og brettkøyring i europeiske fjell.

Mesteparten av skikøyringa går føre seg i Alpane, men tidleg i mai fekk Gefle med seg fleire internasjonale stjerner til Sunnmøre, noko som har resultert i ein 15 minutt lang sekvens.

Det er midt i blinken for Gefle, som til dagleg jobbar med å utvikle som toppturdestinasjon.  

– For meg var det heilt fantastisk å kunne invitera vener til Noreg for å få vist fram den naturen og dei fjella me har her. Alle utøvarane vart forelska i Sunnmørsalpane, og Thierry Donard har allereie sagt han vil tilbake, så då ligg alt til rette framover, seier skiproffen til Fri Flyt.

Skistjerna er allereie i gang med neste filmprosjekt og kryssar difor fingrane for gode snøforhold her heime.

LES OGSÅ: 2016 kan bli gullår for reiselivet


Amerikanske Matt Annetts og italienske Silvia Moser kikkar på kart, før dei tek fatt på dei norske fjella. Foto: Søren Rickards