mm

Vi lever i eit resultatorientert samfunn, der prosessen ofte vert gløymt. Den du er kan fort forsvinne i skuggen av det du skal bli, eller få til. Som om du først har oppnådd noko når du blir lege, ingeniør, eller menneskerettsforkjemparveltrent; suksessfull og populær; gift med glade ungar; flink til å leggje deg tidleg.

Eller veldig, veldig flink til å trene. Ofte og mykje, kanskje kvar dag. Som for mange er eit årleg nyttårsforsett der ein fort kjenner seg mislykka. Kanskje vi kan endre desse destruktive nyttårsforsetta til å handle om større og viktigare ting, og ting vi vil utforske heller enn få til?

Kva med ei liste med punkt som:

• Å bli betre kjent med meg sjølv. Kven er eg, og kva står eg for?

• Å utforske kva som faktisk gjer meg glad. Skil det seg frå menneska rundt meg og samfunnet forventar av meg?

• Trivast eg med jobben/ utdanninga mi? Kan eg gjere tiltak som vil auke trivselen min?

• Kva er ein god venn for meg, og korleis vil eg vere ein god venn?

• Kan eg klare å bidra til miljøet på fleire måtar i år – som ved å lære vennane/ barna mine å kjeldesortere, og kanskje gå eller sykle når eg skal ut av huset? Eller kanskje eg kan prøve å dyrke eit par grønsaker og sjå om det er noko for meg?

• Å prøve verkeleg lytte til sonen min når han har noko å fortelje meg, og gje han ei gjennomtenkt tilbakemelding.

• Prøve nye ting! Roller derby? Baking? Isfiske «Couchsurfing»? Lesesirkel? Teltur? 

• Leggje meg på sofaen og ta ein kvil når behovet meldar seg

• Sjå om eg kan klare å le av utfordringane mine, både for meg sjølv om med venner

• Vere raus og dele når eg kan – ta vare på meg sjølv når det trengs

• Kose meg i badekaret ein gang i blant

• Gå turar i skog og mark når eg kjenner meg stressa

• Prøve å vere ærleg, også i krevjande situasjonar

… Og slik kunne eg fortsett i hundre år, men eg reknar med du har skjønt teikninga. Om vi set oss konkrete mål, er det lett å kjenne seg mislykka, og om du les eit overflatisk vekeblad som får deg til å føle deg tjukk og mislykka, som får deg til å setje eit mål om å trene mykje, er det vertfall lett å kjenne seg verkeleg mislykka. Det synst eg er riktig trist, for du er vakker akkurat som du er, og fortener å trene for eiga velvære, for å ha det kjekt, og for å oppleve mestring på dine premiss. Om du i det heile tatt vil trene, for dette er også opp til deg.

Personleg føretrekk eg lange kveldsturar og sprø dansing i stova, for desse aktivitetane er ikkje like negativt lada som «trening» i hovudet mitt, det er noko eg synst er veldig kjekt. Eg ynskjer meg ein ny kultur der vi kan sjå livet meir som ein prosess enn ein konkurranse; og for å få det til er nyttårsforsett ein glimrande plass å starte prosessen. Difor ynskjer eg at vi reflekterer over nyttårsforsett som er meir opne, og meir relevante for å oppleve eit godt liv med meining og glede, enn eit suksessfullt liv. For kva er no eigentleg det, sett innanfrå?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE