Ein fransk domstol har forbode å vise den prislønte filmen «Blå er den varmeste fargen».

NPK
NPK

Filmen blir no forbode på kinoane i landet fordi han inneheld for «realistiske sexscener», skriv Politiken.

«Blå er den varmeste fargen» frå 2013 handlar om forelskinga mellom to unge jenter. Filmen er blitt både vidgjeten og mislikt for sine lange og detaljerte erotiske scener. I 2013 vann han Gullpalmen under filmfestivalen i Cannes.

Etter ein intensiv kampanje frå ein organisasjon med røter i fundamentalistiske katolske grupper har ein domstol i Paris nyleg forbode filmen.

LES OGSÅ: Frå Volda til Cannes på eitt år

– Filmen inneheld fleire sexscener, som vert vist på ein realistisk måte, heiter det i avgjerda frå domstolen. Domstolen krev også at kulturminister Fleur Pellerin tek lisensen frå filmen, som fører til at han ikkje kan visast på kino. Filmen er derimot framleis tilgjengeleg på video.

Filmen «Blå er den varmeste fargen» fekk aldersgrense 12 år då han vart lansert i oktober 2013.

Instruktøren for filmen, Abdellatif Kechiche, hadde gjerne sett at grensa vart sett til 16 år, og er ein av få i filmmiljøet som ikkje er overraska over at filmen får forbod på franske kinoar.

– Eg har aldri vurdert at ungar under 12 år skulle sjå filmen min, og vil heller ikkje at mi eiga dotter ser han før ho er 14– 15 år gammal, har han uttalt til Le Monde. (©NPK)

QUIZ: Kor mange rette klarer du i bok-blir-film-quizen vår?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE