Her er dei mest populære sakene i 2015

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny rekord for Framtida.no

Jenta som tener store pengar på å spela dataspel, Martha som laga magevideo, nynorsk bloggkåring og lokalvalet er noko av det lesarane våre klikka flest gonger på i 2015.

I løpet av 2015 har over 390.000 brukarar vore innom Framtida.no, ifølgje Google Analytics. Det er 54.000 fleire enn i 2014 og ny rekord. Den mest lesne saka vår fekk 25000 klikk.

Talet på daglege og vekentlege brukarar auka også i 2015. I snitt har 10.800 brukarar vore innom Framtida.no kvar veke i år.

Her er sakene med flest klikk på Framtida.no i 2015:

20. Nesten ingen klarer denne oppgåva

19. «Skrekken var at han skulle kjenne seg latterleg i senga»

18. Hundre fagfolk med bekymringsmelding om barnevernet

17. Kva er det med Hardanger?

16. Odelsjenta får ikkje garden

15. Bruken av «i forhold til» stuper

14. Ingebjørg fekk rommet pakka inn i 120 meter aluminiumsfolie

13. Dei skreiv Noregs beste stilar

12. Alle er i slekt med alle i Europa

11. Språk og identitet

10. Martha får massiv støtte etter å ha laga film om magen sin

9. Alle fitter er like fine

8. Villmarksjenta flyttar ut

7. Slik vart han kvitt brunsnigelen

6. «Ved å vere open har eg gjort det til ein litt mindre ting»

5. Runar kan bli historisk

4. NHO: Dette er Noregs beste kommunar

3. Kuttar hankjønn frå språket(aprilspøk)

2. Stem på verdas beste nynorske blogg!

1. «Herregud, ho er jo jente»

LES OGSÅ: Desse sakene hugsar me best frå 2015