Skriv mordmusikal med stjerne­regissør i Hollywood

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skriv mordmusikal med stjerne­regissør

Han kunne vore pensjonist og nytt livet ved staffeliet i Sisseldalen, i staden gir multikunstnaren Mike McGurk (70) seg i kast med nye utfordringar.

Eg møtte han for nokre månader sidan på Gardermoen. Han kom gåande mot meg saman med Sigvart Dagsland. I hendene bar han taxfree-posar som fortalde om utanlandstur. Me stoppa og preika og eg spurde kor han kom ifrå.

– Eg har vore i Statane. Eg skal fortelja deg om det seinare. Eg kan ikkje seia meir no, svara Mike McGurk før han følgde etter makkeren mot bergensflyet.

Ein fugl me kjenner hadde kviskra meg i øyra at dei jobba med eit filmprosjekt i Hollywood og at ein kjend regissør var involvert. Men same kor mykje eg spurde når eg trefte på han, så var biletkunstnaren og songdiktaren frå Moster like taus.

– Det er store greier, men du skal få vita om det så snart det er offentleg, sa han då me gjekk på kvarandre på Amfi Senter rett før jul.

Mordmusikal

Tysdag kunne Bergens Tidende så fortelja at ekteparet Karoline Krüger og Sigvart Dagsland skreiv musikal saman med ekteparet Harald og Veslemøy Zwart og at dei sikta både mot både Hollywood og Broadway. Men først vert det konsertversjonar i Grieghallen og Stavanger konserthus og i eit baroni som ifølgje Bergens Tidende ligg på Bømlo, men som sist me høyrde gjete det framleis låg i Rosendal. Mike McGurk var ikkje nemnd. Ikkje før i siste avsnittet, som han som skreiv songtekstane.

– Eg var i opprør når eg las det. Det var dei andre òg. Telefonen stod ikkje her i går, seier den sindigaste av dei sindige, Mike McGurk, med lett heva stemme i telefonrøyret, for han brukar framleis den gamle fasttelefonen og har trass i suksessen som tekstforfattar for fleire norske songstjerner enno ikkje skaffa seg mobiltelefon.

– Eg har vore med i prosessen nesten heilt frå starten, og me har jobba tett saman heile vegen. Harald har skrive screenplay (filmdramaet), Karoline og Sigvart har skrive musikk og eg tekstar. Men me har møtt kvarandre fleire både i Hollywood, i Bergen og på ekteparet Zwart si hytte på Hallingskarvet, komme med idear og innspel til kvarandre og jobba dette fram saman, fortel McGurk som har levert 20–25 songtekstar til musikalen som har fått tittelen «Seance».

Spiritisme

Historia byggjer på ei faktisk hending på Hankø i 1934. Byfogden i Fredrikstad, Ludvig Dahl, drukna under mystiske omstende. Dahl og familien var kjende som spiritistar. Medium under desse seansane var Dahl si dotter, Ingeborg Køber. Ho skulle ha spådd faren sin snarlege død og ho var einaste augnevitne til drukninga. Difor vart ho også sikta for drap eller medverknad til sjølvmord. Det kunne ikkje førast bevis og ho vart frikjent.

Hendinga gjekk føre seg i nærleiken av Zwart sitt sommarhus og filmregissøren har kjent historia heile livet. Han har også sikra seg filmrettane til to av bøkene som er skrive om mysteriet.

Frå artikkelen i Bergens Tidende går det fram at musikalen vil både innhalda mordmysteriet og fortelja om dåtidas fascinasjon for spiritisme og overnaturlege hendingar.

Musikken skal vera påverka av amerikansk musikalsk tradisjon og særleg komponisten Stephen Sondheim.

Lærerikt

– For meg har det vore nytt og lærerikt å skriva tekstar som skal gå inn i eit dramatisk forløp. Utanom nokre kabarettekstar til Karoline Krüger, har eg til no berre skrive songar som skal stå for seg sjølv. I musikalen skal både tekstane vera med å føra historia og spenninga vidare, og samstundes skapa ei stemning i augneblinken. Eg har måtta tenkja på heilt nye måtar, seier Mike McGurk som ein gong før dette prosjektet kom opp, hadde snakka med Karoline Krüger om kor kjekt det hadde vore å prøva seg på musikalsjangeren.

– Eg må innrømma at eg ikkje har vore veldig glad i musikalar tidlegare, og kunne lite om faget. Men no ser eg på musikalen med heilt andre augo, eg har lært kor strenge reglar som gjeld, kor viktig det er at sjølv det minste element er med på å byggja opp om den store forteljinga og driv henne vidare. Eg har også fått læra om den strenge dramaturgiske modellen som vert brukt i alle slike musikalar, og at publikum forventar at du held deg til desse reglane slik at historia utviklar seg nett slik dei ventar at ho skal gjera, seier Mike McGurk. Han fortel at dei stor sett er ferdige med skrivearbeidet, men at det skal gjerast ein del finpuss og justeringar i vekene som kjem.

Payback time

– Kor dette kjem til å enda veit eg ikkje, men eg veit at det er ting på gang og eg håpar at ein plass der framme ligg Broadway og ventar. Men i alle tilfelle har dette vore ein fantastisk kjekk og lærerik prosess å ta del i, seier 70-åringen som har skrive songtekstar dei siste 20 åra, og har opplevd suksess ganske seint i livet.

– Eg har aldri tenkt slik på det. Då eg byrja skriva songtekstar gjekk det også fleire år før eg oppdaga at eg faktisk kunne leva av det. Om eg ikkje hadde tent pengar, hadde eg skrive likevel. Å bli rik har aldri vore målet for noko av det eg har jobba med, eg har prøvd å skrapa saman nok til å klara meg. Difor er det jo kjempeflott at eg no kan bruka alle mine røynsler i livet til å skriva tekstar som gjev meg inntekter. It's payback time, seier engelskfødde Mike McGurk på si heilt særeigne blanding av engelsk, bergensmål og mostradielekt.

– Er du hyrt inn av produksjonsselskapet til Zwart for å skriva tekstane?

– Nei, me investerer alle arbeidet vår i dette prosjektet, og får betalt etter avtalar me har gjort, dersom det kjem pengar inn, seier McGurk.

– For meg har det i alle tilfelle vore viktigast å få vera med på dette.

Les saka i Sunnhordland!