Sjølvi i bilen er fy-fy
Forsikringselskap ber folk om å slutta å vera nissar i trafikken.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne saka stod først på trykk i Kvinnheringen.
Ei fersk undersøking syner at heile 22 prosent av dei som køyrer bil har teke sjølvi medan dei køyrer bil. Å ta sjølvi er å ta bilde av seg sjølv, til dømes med kameratelefon (selfie).
– Vi ønskjer at både nissar og folk flest i Hordaland skal koma trygt heim til jul, seier Arne Voll frå forsikringsselskapet Gjensidige i ei pressemelding.
Undersøkinga viser også det nedslåande resultatet at heile halvparten av dei under 24 år har fått selfie frå nokon som køyrer bil.
– Dette er bekymringsfullt. Er ei uoppmerksam eit lite sekund kan det vera nok til at det går galt, seier Voll. Det er dokumentert at mange liv har gått tapt i trafikken på grunn av mobilbruk under bilkøyring. Frå 2005 til 2013 omkom 29 nordmenn i trafikken som følgje av mobilbruk i bil, ifølge Statens vegvesen.
LES OGSÅ: Tilbake med eigen julesong etter kreften