Klar for litt romjulstrening?

Framtida
Publisert
Oppdatert 18.12.2017 19:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert på Porten.no.

Ein treng ikkje å liggje på latsida sjølv om det er jul. All aktivitet er god aktivitet!

Under har eg satt opp eit treningsopplegg som ikkje set krav til anna utstyr enn di eiga kroppsvekt, og treninga kan dermed like godt gjennomførast framfor juletreet heime i stova som inne på eit treningssenter.

Du får trent heile kroppen og får opp pulsen, det tek lite tid og er supereffektivt.

Er du klar?

Øvingane:

Treninga gjer du som ei sirkeltrening der du gjennomfører cirka 10 repetisjonar på kvar av øvingane. Mellom kvar øving tek du ei pause på 30 sekundar før du går vidare på neste. Køyr dette mellom 2 til 4 rundar.

Knebøyhopp

Du trenar: Rumpe, lår, spenst og kondisjon

Push-ups

Du trenar: Bryst, skuldre, triceps og kjernemuskulatur

Walk out-planke

Du trenar: Kjernemuskulatur

Burpees

Du trenar: Kondisjon, spenst og styrke i heile kroppen

Smale push-ups

Du trenar: Triceps, skuldre, bryst og kjernemuskulatur

V-ups

Du trenar: Kjernemuskulatur

Sideplanke med beinløft 

Du trenar: Kjernemuskulatur og rumpe