Idealist Milda Jonusaite Nordbø vil leva i ei verd der det er lov å tru at ein kan gjera ein forskjell.

mm
Faktaboks

Vil dyrke den undersøkande og nysgjerrige eleven

Denne vinteren skriv Framtida.no om klimaendringar og framtidsvisjonar, i det Fritt Ord-støtta prosjektet «Grøn vinter».

Klimaavtalen frå Paris kan bli vendepunktet som set fart i det grøne skiftet. Om vi skal unngå grøne vintrar i Noreg og meir ekstremvêr over heile kloden, må vi ha eit alternativ til business-as-usual. Synspunkta på korleis framtidas samfunn skal sjå ut er mange og delte. Det vil vi skrive om.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det viktigaste me kan gjera er å få unge til å forstå at dei kan gjera ein forskjell, konkluderer Milda Jonusaite Nordbø.

Framtida.no møter den idealistiske 28-åringen på Universitetet i Oslo, der ho jobbar deltid som forskingsassistent på prosjektet Voices of the Future – eit forskingsprosjekt som ser på kva ungdom tenkjer om framtida i ei tid med klimaendringar.

Men det er ikkje først og fremst det me skal snakka om no.

Kvifor få med unge?
Milda er nemleg sjølv brennande engasjert i naturen, klimaet og ungdommane som skal forma framtida vår.

Så engasjert er ho, at ho tidlegare i haust vart invitert til Trondheim for å halda eit TED-foredrag om kvifor det er så viktig å lytte til unge.

– Det er eit gap. Det er masse ungdom som har lyst til å bidra, samstundes er det mange folk som seier ungdom i dag er ikkje engasjerte. Det er ikkje sant. Korleis kan me få dei til å møtast? spør Milda.

Dette har ho ikkje svar på, men ho skulle gjerne snakka med dei som sit på andre sida av bordet og prøver å involvera ungdom. Ho meiner politikarar og andre som samarbeider med ungdom må ha eit bevisst forhold til kva dei vil ha ut av det.

Det er ikkje tvil om at Milda tek unge på alvor, noko ho meiner fleire burde gjera.

LES OGSÅ: – Du er ein kvardagshelt og handlingane dine har noko å seie

Sovjet-syltetøy
Når Milda skal forklara sitt eige engasjement for natur og klima må ho attende til oppveksten i Litauen. I det gamle Sovjet var det lite utval i butikken. Ein måtte rett og slett ut i skogen for å plukka bær til syltetøy. Kålen vart dyrka heime og sylta i badekaret, slik at det skulle vara gjennom vinteren. Denne levevegen der ein var avhengig av naturen tok Milda for gitt. Og ho trur det er denne nærheita mange av oss har mista, når blåbærsyltetyet kjem rett frå butikken.

Sakte men sikkert har det falle ho inn at denne haldninga til naturen er nesten borte i dagens samfunn.

– Me er veldig fjerna frå korleis me treng naturen for å overleva, slår Milda fast.

Då ho etter å ha budd fleire år i Noreg tok ei mastergrad i utviklingsstudiar i Sør-Afrika vart dette perspektivet enno klarare for ho, gjennom ein ekstremt karismatisk professor, som mellom anna gjekk berrføtt og sykla overalt. Ein mann som var oppriktig forelska i naturen og hadde kjærleikssorg over korleis me behandla han.

LES OGSÅ: Gull for grøne skogar

Demokratiskulen
Når Milda seier at Noreg er eit heldig land å vera engasjert ungdom i, veit ho kva ho snakkar om.

I tillegg til å ha jobba med organisasjonsarbeid i Sør-Afrika har ho gjennom forskingsprosjektet intervjua over 30 engasjerte ungdommar i Noreg. Det viser seg at støtte frå vener, familie og lærarar er viktig både for å starta og halda fram med engasjementet.

Og sjølv om ting tar tid, at ein kanskje ikkje alltid vert høyrt i ein stor organisasjon og byråkrati kan virka nedslåande, så er Noreg trass alt eit land der det er lett å organisera seg. Mange tykkjer òg at slikt arbeid er gøy og sosialt.

– Nokon seier det er ein skule i demokrati og det er eg heilt einig i. Dei lærer alt frå å ringe og sende e-mail til framande – til å lesa stortingsmeldingar og skriva kampanjeplakatar. Men det viktigaste er når dei får det til og får den kjensla av at; eg har vore med å skapa endring. Det er eit så stort kick at det trur eg ein vert avhengig av det.

Milda er overtydd om at samfunnet hadde hatt stor nytte av om alle unge fekk betre opplæring i korleis ta vare på liva sine, og ta tak i problema dei ser.

Men sjølv om me har ytringsfridom og gode moglegheiter til å organisera oss er det ikkje sagt at det er lett å skapa faktiske endringar. Som ung kan ein ofte verte invitert med for å lytte, heller enn å bidra.

– Eg trur det er ein stor, gjennomgåande frustrasjon at ungdom føler dei er ein ressurs, som bruker mykje tid og energi på å lesa seg opp på kompliserte saker. Så vert dei møtt med haldningar som: «det er fint at du bryr deg». Viss samfunnet tør å lytte, trur eg dei har mykje kule idear. Dei kan mykje og har mykje å bidra med. Viss ein gjev dei moglegheita til å kome med innspel, trur eg mange hadde blitt imponert.

Ifølgje 28-åringen er korleis me skal leva utan olje eitt av dei viktigaste spørsmålet me i Noreg må svara no.

– Det er ei reell framtid, så kvifor ikkje berre ta det no?

LES OGSÅ: Julie (17) lærer det framtida treng

Kva har du å seia?
Den ivrige idealisten meiner at det må ei endring til i folks medvit. At kvar einaste familie og person må tenkje over kva dei tek for gitt, kvar det kjem frå og kva verd dei vil leva i og kva det krev av dei. Og gjer dei faktisk det som krevst for å leva i den verda dei vil leva i?

– Eg trur at mange aldri har denne refleksjonen. Det er ofte store gap mellom kva verd me vil leva i og korleis me lever. Det er noko me aldri snakkar om, seier Milda engasjert.

– Men kva verd vil du leva i?

– Eg vil leva i ei verd der det er lov å drømma stort, der det er greitt å ha idealistiske idear om at me skal få dette til. Det er i dag blitt heilt normalt å tenkja at ting går dårleg, og om ein seier at: «dette skal me klara», så vert det litt latterleggjort. Eg vil leva i ei verd der menneske og natur lev i harmoni, utan at alle bur i ei hytte. Eg trur det går an å leva fint og moderne, så lenge me har eit mykje meir bevisst forbruk, seier Milda, og ramsar opp:

– Alle kleda våre, tinga, energien me bruker, reisene me tek. Kvifor tenkjer me ikkje over det? Eg vil leva i ei verd der folk veit kva dei gjer har noko å seia. Kvifor tenkjer me ikkje det? Sjølvsagt har me noko å sei – kvar og ein. Og saman har me enno meir å seia.

Bjørnetenesta
Milda trur at mykje hadde vore annleis om me i større grad tenkte over kva verdiar me har.

– Kva er det viktigaste for deg i livet? Topp fem. Det er ofte familie, vener, natur. Det er ofte livskvalitet og ikkje nyare, betre, større og fancyare. Me blir ikkje så mykje lykkelege av å forbruka meir.

Å innsjå at ein sjølv har noko å seia er ifølgje Milda både veldig viktig og kjempeskummelt.

– Samfunnet gjer seg sjølv ei bjørneteneste ved å oppdra folk til å tru at dei er uvesentlege. Me må endra korleis me tenkjer om dette. Slutt å fortelje barn at dei ikkje kan og at ting er umogleg. La dei finne ut av kva som er mogleg og ikkje mogleg sjølv. Det vil dei læra mykje av. La oss ikkje oppdra trongsynte menneskjer, er oppmodinga frå Milda.

Sjå foredraget til Milda her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06
ANNONSE