Kva med pinnekjøt av svin til jul?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For to år sidan skreiv dei store regionsavisene i Norge om kundar som hadde kjøpt pinnekjøt merka med svin til jul. Den gongen var det feilmerking hjå Nordfjord Kjøtt, og kvalitetssjefen hjå produsenten lo og sa at det nok aldri ville bli aktuelt med pinnekjøt av svin i framtida heller. Nå, berre to år seinare, har ein bonde på Skretting i Hå slakta 30 griser øyremerka til nettopp pinnekjøt.

– Det er fantastisk på smak, og me er nesten utseld, seier Reidar Skretting, dagleg leiar i slaktarforretninga R. Skretting på Varhaug.
Han synest det er stas å vera med på å utvikla nye produkt, og var ikkje tvil om at han skulle slå til då svinebonde Leif-Erik Nord-Varhaug lanserte ideen om å prøva ein kombinasjon av dei mest populære julemiddagane her til lands.

Kortreist

– Eg har ei svigerinne frå Transilvania som er van med pinnekjøt av svin frå heimlandet sitt, så det var slik eg fekk ideen. I Transilvania oppstod retten på grunn av at det var så dyrt med lam. For meg som har drive med gris heile livet, er det interessant å prøva noko nytt, seier Leif-Erik Nord-Varhaug.

Han held til på Skretting og kan, frå garden sin, sjå taket på slaktarbutikken R. Skretting.

– Du kan ikkje få maten meir kortreist enn dette. Me har drive med gris i 65 år, og før i tida leverte med grisen direkte til slakt hjå Skretting. Nå må grisane ein tur innom slakteriet i Kviamarka før dei endar opp hjå R. Skretting, men desse grisane er merkte med retur slik at me er sikre på at det er grisane frå Skretting som har blitt til pinnagris. Det er eit ekte Skretting-produkt, seier Nord-Varhaug.

Pinnagris vs. Skrettingpinne

Namnet pinnagris vart vald etter ein namnekonkurranse i slaktarbutikken.

– Det kom også inn eit namneforslag om Skrettingpinne, men eg tenkte at det kunne slå tilbake på meg, så me våga ikkje bruka det, humrar Reidar Skretting.

– Men kva er eigentleg pinnagris?

– Det er sida på grisen. Pinnagrisen er salta i ein spesiallake og blir elles laga til på same måte som tradisjonelt pinnekjøt. Det smakar fantastisk og er litt mildare på smaken enn det vanlege pinnekjøtet. Me har ete det med poteter og kålrabistappe på same måte som me et pinnekjøt av lam eller sau, svarar Reidar Skretting.

– Eg er litt ueinig med deg der. Eg meiner det bør serverast meir som ei ribbe, med rotstappe, surkål, sylteagurk og raudbetar. Eg inviterte whiskeyklubben min på pinnagris nyleg og då hadde me ein kokk som laga det til på denne måten. Det var verkeleg snadder og alle kom for å skryta av den nye retten, skyt Leif-Erik Nord-Varhaug inn.

– Så nå blir det pinnagris på julaftan på dykk begge?

– Nei, svarar dei i kor.

– Ikkje?

– Nei, hjå oss er det ribbe på julaftan. Me kan ikkje gå frå tradisjonen, men det blir nok pinnagris ein annan dag i jula, svarar Skretting.

– Me er faktisk litt svenskar på julaftan og har kokelår. Tradisjonane på julaftan sit djupt hjå folk, og det skal mykje til for å bryta dei, legg Nord-Varhaug til.

Men det er ikkje alle som er redde for å prøva noko nytt på julaftan heller.

– I går fekk eg ein telefon frå ei som bestilte fem kilo pinnagris til å ha på julaftan. Ho hadde ikkje prøvd det før, men syntest det var spanande å prøva noko nytt, fortel Skretting.

Se bildet størrehttp://jbl.no/bilder/nyheter/nyhetmain/43576.jpg

ETTER: Svinneribba er salta og røykt og deretter tørka etter alle pinnekjøtets reglar. Her heng siste rest av årets produksjon av pinnagris.

Endring i tradisjonar?

Over halvparten av alle nordmenn held fast ved den tradisjonelle ribba på julaftan medan rundt 33 prosent et pinnekjøt. På vestlandet er fordelinga ganske annleis. Her et 68 prosent pinnekjøt medan 20 prosent et ribbe.

I år reknar R. Skretting med å selja mellom seks og åtte tonn pinnekjøtt, fenabog og pinnekotelett, 400 kilo pinnagris, 900 fenalår og mellom fire og fem tonn ribbe.

– Eg trur kanskje at forholdet mellom pinnekjøt og ribbe er i ferd med å endra seg. Me har aldri seld så mykje ribbe som i år, og et har eit inntrykk av at pinnekjøt blir meir og meir populært på austlandet, seier Skretting.

Ønskjer pinnagris heile året

Årets pinnagris er eit prøveprodukt og er i ferd med å bli utseld. Skretting-karane har tru på at produktet kan bli meir enn ein gimmick før jul.
– Me må sjå an etterspurnaden, men me reknar med å gå høgt ut og berre auka. Eg trur det kan verta eit interessant biprodukt både til jul og elles i året, seier Skretting.

– Trur du andre butikkar kjem til å tilby pinnagris framover eller forblir det eit Skretting-produkt?

– Det er eg usikker på. Me har høyrt om folk rundtforbi som har laga pinnekjøt av svin heime, men me har ikkje høyrt om nokon som sel dette. Kanskje kjem andre etter oss, seier Skretting.

– Det er veldig viktig for oss i svinenæringa med nye produkt, så det hadde vore bra om andre følgjer på, seier Nord-Varhaug.

Se bildet størrehttp://jbl.no/bilder/nyheter/nyhetmain/43574.jpg

JULEHANDEL: Eirik Sandanger (t.h.) kjøpar ein pose pinnagris av Reidar Skretting som han skal eta før jul. På julaftan blir det tradisjonelt pinnekjøt.

– Trur ikkje pinnagris får rotfeste på Jæren

Pinnekjøt av svin har aldri vore i sal på Jæren tidlegare, men fleire av kjøtforhandlarane har prøvd produktet.

– Me laga litt pinnekjøt av svin for rundt sju år sidan. Me selde det aldri, men delte ut til vennar. Eg syntest det var godt, men det blei aldri noko meir. Me kalla det Vikingribbe, seier Jarle Malmin, dagleg leiar i Malmin og Orre Kjøtt. Dei same erfaringane har Idar Håland, dagleg leiar i Håland Kjøtt.

– Eg hugsar at det var Johs. Lundal & Sønner i Åkrafjorden som starta med Vikingribbe. Me prøvde litt me også, men selde det aldri. I år hadde me ein kunde innom som spurde om me kunne laga det, og det gjorde me. Kunden kjøpte halvparten og resten skal eg eta sjølv i romjula, seier Håland. Han har ikkje tru på at pinnagris kan vippa tradisjonell julemat av pinnen.

– På Jæren er me opptekne av tradisjonar og her er det lange tradisjonar for sau og lam. Eg trur difor ikkje at pinnagris kjem til å ta av og få rotfeste. Men eg synest det er gildt med noko nytt og håpar at R. Skretting vil lukkast, seier han.

Vikingribba til Lundal & Sønner er i år teke av marknaden.

– Me har aldri laga noko stort volum av det, og gjorde det berre for gildt i nokre år. I år har me berre satsa på lam, seier dagleg leiar Siri Lundal Hustveit.

Mikkel Opstad, dagleg leiar hjå M. Opstad på Nærbø, har verken høyrt om eller smakt pinnagris.

– Det er sikkert etande det, og det kunne vore løye og prøvd, men eg trur ikkje ein skal tulla for mykje med julematen, seier han.

LES SAKA I JÆRBLADET!