Planlagt asylmottak i brann
Brannvesenet har kontroll og held no på med ettersløkking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Klokka 9.35 kom det melding om brann på Storåslid i Skafså. Bygget har tidlegare vore eveangelisenter, men har den siste tida vore aktuelt som permanent asylmottak.
Politiet meldte klokka 10.15 at det er ein del røyk og opne flammer. Det bur ikkje folk i bygget.
Klokka 11 kom det melding om at brannvesenet har kontroll og held på med ettersløkking.
Årsaka til brannen er ikkje kjent. Kriminalteknikarar er venta til staden i løpet av sundagen.
Tidlegare denne månaden blei det kjent at Storåsli er aktuelt som permanent asylmottak.
Politiet åtvarar mot fleire mottak i Øvre Telemark
Les saka i Vest-Telemark Blad!
Brann i planlagt asylmottak: Politiet melder om «ein del røyk og opne flammer» på Storåslid i Skafså. http://vtb.no/s/opnesaker/a/planlagt_asylmottak_i_flammer/78e495d
Posted by Vest-Telemark blad on 20. desember 2015