Feige lag

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Lettare før nyheitene skjer

Og det er det lett å latterliggjere. Altfor lett.

På tirsdag var alle nettaviser og alle nyheitssendingar på radio og tv fulle av regjeringskabal. Folk i alle medium gjetta og erfarte og trudde og tenkte høgt om kva endringar som kom til å komme i regjeringa, kva desse endringane var uttrykk for, og kva dei ville få å seie for land og folk.

Dagen etter, då endringane i regjeringa faktisk kom, då var vi ferdige med heile greia.

Og då er det lett å seie at vi kanskje kunne venta med alt om regjeringsendringane til onsdag. Og kanskje til og med fått ting rett, i staden for å gjette. Og så kunne vi gjort noko anna på tirsdag. Noko fornuftig. Vi kunne for eksempel ha finlese klimaavtalen. Eller gravd litt i eit eller anna. Eller gått frå butikk til butikk på jakt etter dette pinnekjøtet som visstnok skal vere det beste, men som absolutt ingen har.

Men så enkelt er det faktisk ikkje. Folk som seier slikt forstår ingenting av jobben vår.

Det er også lett å vere hånlig og seie at vi i media er meir opptatte av å vere først og vise kor flinke vi er, enn av å formidle nyheitene. Og at vi er litt for glade i å seie «etter det vi erfarer».

Men det er ikkje sånn det er. Eller, vi er sjølvsagt glade i å vere først. Og vi liker veldig godt å seie «etter det vi erfarer». Men det er ikkje derfor vi helst formidlar nyheiter dagen før dei skjer. Så enkle og barnslige er vi faktisk ikkje.

Den eigentlige grunnen til at vi liker å formidle nyheiter før dei skjer, er at då får vi gjere jobben vår i fred. Jobben vår er som kjent å seie veldig opplagte ting med veldig alvorlige ansikt, og å stille politikarar spørsmål dei ikkje kan svare på.

Dette er veldig mykje lettare dagen før nyheitene skjer.

Då kan vi for eksempel springe etter Per Sandberg på ein flyplass og spørje kva han synest om fisk. Og då veit ikkje Per Sandberg heilt kva han skal svare, sjølvsagt, sidan han faktisk ikkje er fiskeriminister på dette tidspunktet, så då svarer han litt rart, og ler litt nervøst, og då kjenner vi at vi har sett han litt på plass, at vi har klart å gjere han utrygg, og då kjenner vi oss verkelig som den fjerde statsmakta, kanskje til og med den femte, og då kan vi sove godt om natta. Sjølvsagt først etter at vi har sagt noko veldig opplagt med alvorlig ansikt om at Per Sandberg nok ikkje blir så frittalande som før.

Og så kan vi oppsøke Sylvi Listhaug på eit eller anna arrangement, og spørje henne om heilt andre ting enn det dette arrangementet handlar om. Og då flakkar ho med blikket, eller prøver å snakke om det ho skal snakke om. Ser ho ikkje rett og slett litt oppgitt ut over at vi står i vegen for henne og snakkar om feil ting?

Og då tenker vi at dette var openbart ubehagelige spørsmål for henne. Ho er unnvikande. Ho er på gyngande grunn. Og det var det vi som fekk til. Og då kjenner vi oss pågåande, konfronterande og flinke. Og så får vi sove godt om natta. Sjølvsagt først etter at vi har sagt noko veldig opplagt med alvorlig ansikt om at ho må venne seg til ubehagelige spørsmål i den nye jobben sin.

Så kan ein sjølvsagt seie at vi kunne venta med alle desse ubehagelige og konfronterande spørsmåla til dagen etter.

Men det er jo det som er poenget. Dagen etter er det mykje vanskeligare. For dagen etter, då svarer faktisk politikarane på spørsmåla. Dei har kanskje til og med førebudd seg. Nokre av dei har til og med noko å seie som er verd å formidle.

Alle forstår at det er feige lag.

Først publisert i Aftenposten 19. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!