Dette bildet gav fotografen «landslagsplass»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Har ho teke verdas beste naturfoto?

Saka var først publisert i Møre-Nytt. 

– For nokre veker sidan fekk eg ein e-post frå leiaren i Norges fotografforbund. Han ville ha løyve til å sende inn eit par av bilda mine, som vart premierte i ein nasjonale konkurranse tidlegare i år, til ein internasjonal fotokonkurranse. Det takka eg ja til utan å vite noko meir om det, seier Marit Lystad Johansen.

No er og eit av bilda hennar valt ut til å vere med på det uoffisielle fotolandslaget under World Photographic Cup i 2016.

Nordlysbilde
– Nordlysbildet mitt frå Hjørundfjorden er eitt av berre tre bilde som representerer Noreg i landskap/natur-kategorien, seier Johansen.

Noreg er eitt av 27 land som har finalistar i konkurransen. Til saman deltek bilde frå 400 fotografar frå desse landa: Noreg, Australia, Austerrike, Canada, Kina, Tsjekkia, Finland, Irland, Italia, Mexico, Filippinene, Polen, Portugal, Russland, Slovakia, Sør Korea, Spania og USA.

Vinnarane blir annonserte under prisutdelinga i Portugal 14. mars neste år.