Det var ein gong nestekjærleik

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det svir i luftrøyret når eg pustar inn. Frostrøyken står ut av munnen min i det eg pustar ut. Hendene er plassert i jakkelommene mine, beskytta frå den bitande kulda. Eg tek opp mobilen. Det er femten minutt sidan bussen skulle ha vore her. Trykkjer ”neste song” på Spotify, ser ned langs den nysalta vegen og sukkar tungt.

Eg dreg ut ein øyrepropp. Er det bussen som kjem? Endeleg! Eg strever med å få busskortet ut av lommeboka, fingrane mine er istappar, stive og ubrukelege. Bussen kjem rullande inn føre busskuret. Den varme lufta kjem sivande ut på meg i det døra opnar seg. Det er herlig.

Diverre er det nokon som må øydeleggje. 

Medan eg står og ventar, høyrer eg nokon rope inne i bussen: ”Eg går på gratis, eg!” ”På tide å pensjonere seg snart?” ”Blei vinterføret for mykje for deg, gamlekar?” Latter. Ein bussjåfør som flakkar med blikket og lar folk gå på, utan å vise busskort eller kjøpe billett. Det brenn inni meg. Det er ikkje bussjåføren sin feil at bussen er sein! Kanskje nokon hadde rota bort busskortet sitt på det førre stoppet? Mogleg at det var så mange som nytta bussen at det berre tok litt ekstra tid med betalinga? Kanskje det til og med låg ein isklump i vegen som måtte flyttast før bussen kunne trille vidare?

Det er slikt me ikkje veit. Ein skal ikkje uttale seg om ting ein ikkje veit.

Dessutan må me tenkje over at me alle er menneske. Denne mannen er ikkje berre ein bussjåfør. Han er eit menneske. Og kva viser me overfor menneske? Tolmod. Empati. Nestekjærleik. Er det verkeleg så vanskeleg å leggje vekk det tøffe trynet og droppe dei frekke og vonde kommentarane innimellom? Og viss svaret ditt her er ja, korleis kan me endre på dette mønsteret?

Skal ein innføre haldningskampanjar i barnehagen? Grunnskulen? Vidaregåande? Kanskje på arbeidsplassen? Det kjem nok heilt sikkert an på, men når alt kjem til alt, trur eg ikkje at noko som helst kan endrast på med mindre ein sjølv ynskjer endring. Om du tenkjer at du skal slutte å ete sjokolade fordi det er usunt, men eigentleg ikkje vil slutte, så kjem du aldri til å leggje sjokoladeetinga på hylla. Så; dersom du bestem deg for at du skal bli ein meir positiv og imøtekomande person, så blir du det. Men du må gå inn for det. Du må jobbe for å bli den personen du sjølv ynskjer å møte på ein bitande kald januarmorgon.

Vær høfleg, audmjuk og hyggjeleg mot dei menneska du møter i din kvardag. Smil til bussjåføren. Sei hei, få augekontakt. ”Takk for turen”. Det er jobben deira å transportere deg trygt dit du skal. Vis no litt takksemd, for ein gongs skuld! Det kostar deg ingenting.

Du veit ikkje kva andre har vore gjennom. Du veit ikkje kva som skjer i deira liv no. Alle har sitt som dei slit med. Ting er ikkje alltid slik du trur, ikkje trekk forhasta slutningar. Det er absolutt ikkje nødvendig å skape meir problem og negativitet for kvarandre, eller i verda generelt for den saks skyld. Det er meir enn nok som det er.

Det var ein gong nestekjærleik. Kvar er den blitt av?

Litt varme kan gjer ein uendeleg stor forskjell på ein elles kald busshaldeplass.

KULTURBLOGG
Kva er viktig for ungdom i Sogn og Fjordane og kva skal til for at desse tema vert sett på dagsorden?
I prosjektet «Mine meiningar på mitt språk», initiert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, bloggar ti engasjerte ungdomar om sjølvvalde tema som dei syns er viktig.
Alle bloggane kan også lesast på sfj.no/kulturblogg

Faktaboks

Silje Holm Carlsen
Silje er 16 år og kjem frå Hafslo. Ho har eit engasjement for kampen mot mobbing, språk, politikk, etikk og dans.
Silje sin blogg: siljecarlsen.wordpress.com