Stjerneskot kan pryde himmelen Lucia-kvelden

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Meteorsverm på veg mot jorda

Forholda ligg godt til rette for førjulssvermen Geminidane, som blir rekna som den flottaste og mest pålitelege av alle årvisse svermar. Allereie Lucia-kvelden søndag 13. desember vil det kanskje bli mogleg å sjå ein del geminidemeteorar, men sjansen er endå større i timane før morgongry måndag.

LES OGSÅ: «Nesten sikkert utanomjordisk»

Små kosmiske partiklar
Dei plutselege lysstripene på himmelen kjem av små kosmiske partiklar, vanlegvis støv frå kometar, som kjem inn i jordatmosfæren med ein fart på opp til 250.000 kilometer i timen. Utruleg nok er stjerneskota berre på storleik med eit sandkorn og veg typisk eit gram eller mindre. Geminidane ser ut til å komme frå stjernebiletet Tvillingane, som betyr Gemini på latin, derav også namnet på meteorsvermen.

LES OGSÅ: Kva veit du om verdsrommet?

Måndag og tysdag
Svermen kan sjåast i heile landet og observerast med det nakne auga. For å vere ekstra sikker på å få eit glimt av Geminidane blir du rådd til å rette blikket opp mot himmelen mellom klokka sju og åtte måndag 14. desember og på kvelden og natta fram til tysdag 15. desember.