38 år sidan første film. 10 år sida sist film. Star Wars er tilbake, og dei har ikkje tenkt seg nokon plass dei neste åra.

Janne Merete Bøyum, Studvest
Janne Merete Bøyum, Studvest

– Star Wars er ein kolossalt sterk merkevare med eit stort innebygd publikum, så det skal skje mykje gale for at den neste filmen ikkje skal bli ein kassasuksess, seier Erlend Lavik, professor på Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen.

«Star Wars: The Force Awakens» har premiere 16. desember i Noreg, og verda gjer seg klar. I filmen kan du blant anna sjå igjen dei originale skodespelarane til mange av dei kjente hovudrollane.

– Grunna det innebygde publikummet kan studioet trygt tillate seg eit stort budsjett med mange stjerner og spektakukære effektar. Ikkje minst har filmen eit enormt markandsføringsbudsjett som skal hausse opp forventningane, legg Lavik til.

Mange forhåpningar
Ikkje berre kjem det ein film no i desember, det er rykta at det kjem ein i 2017 og 2019 óg, i følgje nettstaden IMDB. Fansen har sjølvsagt store forhåpningar for dei nye filmane.

– Eg håpar det blir som «Ringenes Herre» og ikkje som «Hobbiten». Eg blei skuffa av «Hobbiten». Håpar dei ikkje tapar seg, seier Bjørn Berg Olsen, som tek eit års pause frå stuide på Høgskolen i Bergen og er ein av nerdane som gledar seg til filmen.

Olsen såg den første filmen når han var 9 år gammal, og foretrekker dei tre første filmane som blei laga.

– Eg håpar denne filmen blir betre enn prequel-filmane. Den vil iallefall sjå betre ut. At dei har originale skodespelarar er ein veldig bra nostalgifaktor. Tommel opp!

Dedikerte fans
– Filmskaparane har kompliserte hensyn å ta. Blant dei som vaks opp med Star Wars på 1970- og 1980-talet, var det mange som var skuffa over dei tre neste filmane, seier professor Lavik.

Han meiner spørsmålet med dei nye filmane er om dei vil prøve å nå ut til flest mogleg publikummarar eller om dei vil tilfredstille fansen.

– Sidan 1990-talet har det vorte stadig viktigare for Hollywood å utnytte det engasjerte kjernepublikummet ein får med på lasset, anten det gjeld superheltar eller Lord of the Rings eller Harry Potter. Det er ein måte å redusere den økonomiske risikoen på, legg Lavik til.

Film-fan Olsen meinar óg at ein skal tenkje på dei dedikerte fansen når ein laga filmen, men at nokon går litt for langt og er for detalje-orientert om ting som ikkje betyr noko.

–  Ein treng balanse. Nokon vil ikkje bli fornøyd med filmen. Det går meir på interesse. Sci-fi er ikkje for alle.

Star Wars-dag
Outland vil laurdag 5. desember ha ein Star Wars dag.

– Det bli tilbod på Star Wars-produkt, og det blir premiering for beste kostyme, seier dagleg leiar for Outland Bergen, Dag Petersen.

Petersen seier premiane vil bestå av både premiar donert frå Disney og premiar frå Outland.

Bergen Kino har óg planar, men kan ikkje gi ut nokon detaljer ennå.

LES SAKA I STUDVEST!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.06

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE