Røros er framleis best på kultur

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Best på kultur i Noreg

Kvart år tek Telemarkforsking tempen på norsk kulturliv ved å måla kulturbruk og kulturaktivitet i norske kommunar, fylke og regionar. Kvar bur det flest kunstnarar, kven har det meste omfattande kinotilbodet, kor finn me flest aktive biblioteklånarar og kven har den største koraktiviteten i forhold til innbyggartalet? Dette, og mykje meir, freistar Norsk kulturindeks å svara på.

LES OGSÅ: Folk blir rausare av kultur

Røros er «gode på alt»

Vinnarkommunen Røros forsterkar posisjonen sin på trona av Norsk kulturindeks, sjølv med nye indikatorar i fleire kategoriar. Kommunen har klatra fleire plassar i ei rekkje kategoriar sidan i fjor: kulturarbeidarar, konsertar, kino, bibliotek, scenekunst og sentrale tildelingar.

– Røros utmerkar seg som ein kommune med mange konsertar av ein viss storleik, ei rekkje kulturarbeidarar og dessutan tiltak som sentrale styresmakter finn støtteverdige, seier prosjektleiar for Norsk kulturindeks Bård Kleppe i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Noregs mest eksklusive festival?

Storbyane fell

Årets indeks er utvida på fleire område, med nye indikatorar i kategoriane konsertar og frivilligheit. Likevel er topplista relativt stabil. Me finn fem nye kommunar blant dei øvste 20 i år.

På andreplass finn vi Ål i Hallingdal. Ål har klatra to plassar scorar òg jamt over godt, med eit lite unntak for museum og frivilligheit. Ål scorar best i kategorien kulturarbeidarar og sentrale tildelingar. På tredjeplassen finn me Nord-Aurdal kommune i Oppland. Kommunen scorar godt i mange kategoriar, særleg kulturarbeidarar. Fjerdeplassen går til Gloppen og femteplassen går til Vadsø.

Alle dei største byane i Noreg går ned nokre plasseringar sidan i fjor. Både Oslo, Bergen og Trondheim fell fire plasseringar kvar og kjem på høvesvis 25., 16. og 10. plass.

Av større kommunar finn me Lillehammer (6. plass), Molde (8.), Hamar (9.), Trondheim (10.), Stavanger (11.), Kristiansand (12.), Harstad (13.) og Bergen (16.)

For fjerde år på rad hamnar Sør-Trøndelag på toppen av fylkesindeksen. Fylket har klatra to plassar i museumskategorien og falle to plassar i kategorien for Den kulturelle skulesekken. På andre plass finn me Troms som har klatra frå ein fjerdeplass i fjor. Særleg i kategorien frivilligheit har dei klatra etter at nye indikatorar blei innført. På tredjeplass finn me Oslo som har falle éin plass frå i fjor.

LES OGSÅ: Festivalar skaper store ringverknader

Faktaboks

Kvart år tek Telemarksforsking tempen på norsk kulturliv ved å måla kulturbruk og kulturaktivitet i norske kommunar, fylke og regionar. Kor bur det flest kunstnarar? Kven har det mest omfattande kinotilbodet? Kor finn vi flest aktive boklånarar og kven har den største koraktiviteten? Dette, og mykje meir, freistar Norsk kulturindeks å svara på

Sjekk korleis kommunen din ligg an!