Statsministeren til kamp mot netthatet

Statsminister Erna Solberg (H) oppfordrar alle til å slutte seg til regjeringserklæringa mot hatefulle ytringar og intoleranse.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regjeringa set no i gang arbeidet med ein strategi mot hatefulle ytringar, heiter det i ei pressemelding frå Statsministerens kontor.

Saman med barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) presenterte statsminister Erna Solberg (H) regjeringa si politiske erklæring mot hatytringar under ein pressekonferanse fredag.

LES OGSÅ: Du gjer meg kvalm

Eit tap for det offentlege ordskiftet
Sidan dei aller fleste hatefulle utfalla gir seg til kjenne som netthat, er det berre som det bør vere at erklæringa ligg ute på internett, slik at folk kan slutte seg til ho og kome med innspel om korleis ein nedkjempe hatefulle ytringar og intoleranse.

– Hatefulle ytringar som avgrensar deltakinga til den enkelte i det offentlege rom, er eit tap for det offentlege ordskiftet og for demokratiet. Med denne politiske erklæringa forpliktar vi oss til innsats for å nedkjempe ytringar som spreier hat, seier Solberg.

LES OGSÅ: Hatkriminaliteten er dobla