Triksedronninga Åse (90) er blitt kjendis

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Ryfylke.net.

– Nei, dette hadde eg aldri drøymt om. Er det verkeleg så spesielt at eg triksar med fotballen min? spør Åse Marie Nordhagen, som søndag runda heile 90 år.

Fredag skreiv Ryfylke om Åse Marie Nordhagen, som har fotballtriksing som sin store hobby. Som 12-åring sette ho sin personlege rekord med heile 1 003 treff på ballen. Det siste året har ho øvd heime i gangen kvar einaste dag, gjerne i ein time i slengen. Å klara fleire titals treff er null problem for den spreke pensjonisten.

LES OGSÅ: 90-åringen triksar kvar dag

Laurdag kveld ringte Dagbladet, som presenterte saka med bilde og film på nettsida si søndag. Måndag blei filmsnutten vist på det nederlandske fotballprogrammet Voetbal Inside. Og i dag, onsdag, skriv også danske Ekstrabladet om triksedronninga frå Sauda.

– Eg må le. Du godeste min tid, seier Nordhagen, som ikkje hadde trudd at ho skulle bli fotballkjendis i ein alder av 90 år.

Danske Ekstrabladet kjem også med eit tips til Åge Hareide.

– Hvis norske Åge Hareide ender med at blive træner for det danske herrelandshold i fotbold, kan han overveje at hive en landsmand med ind i sin stab som teknisk træner”, heiter det på nettsida til danskane.

Åse Marie Nordhagen fortel til Ryfylke at det har vore moro med all responsen etter artikkelen i Ryfylke fredag, der ho også var hovudoppslaget på framsida. Då Ryfylke snakka med henne i 09.30-tida i dag, onsdag, hadde ho alt øvd på triksing.

– Eg trur eg har overanstrengt meg litt, for eg har litt vondt i høgrefoten. Altså den eg triksar med. Men trur du eg klarer å la ballen ligga for det? Neida, eg bare MÅ triksa. Eg greier ikkje å la vera, sjølv om det er vondt, seier Åse Marie Nordhagen.

Sjå filmen her:

Triksedronninga Åse Marie Nordhagen from LL Ryfylke on Vimeo.