Lei av kvite menn som pushar 50? Saknar du sterke og morosame kvinner på film? Fortvil ikkje – dei finst.

mm

«Trainwreck» (2015)

Komikometen Amy Schumer vert hylla som feministen verda treng no. Ho klarar meisterstykket å få både menn og kvinner til å digga feministisk humor.

Langfilmdebuten til kvinna bak showet «Inside Amy Schumer» er god trening for lattermusklane. Det heile toppar seg i ei episk heiagjengscene. Go Amy!

LES OGSÅ: «Hunger Games» banar veg for heltinner

«Winter’s bone» (2010)

Hunger Games-stjerna Jennifer Lawrence tok nyleg til ordet for likeløn i Hollywood. At ho kan meir enn å skyta med pil og boge er «Winter’s Bone» eit godt bevis på.

I denne filmen speler ho 17 år gamle Ree,  ei knalltøff jente med brei sørstatsaksent, som tek saka i eigne hender når far hennar forsvinn sporlaust.

Det dystre sørstatsportrettet fekk verda til å opna auga for Jennifer Lawrence, som seinare har gjort megasuksess med «Hunger Games»-filmane.

Regissør Debra Branik sin filmadapsjon av Daniel Woodrell sin roman ved same namn fekk fire Oscar-nominasjonar, mellom anna for beste kvinnelege hovudrolle og beste film.

«Winter’s Bone» er absolutt noko å kosa seg med medan du ventar på den episke «Hunger Games»-avslutninga i romjula.

LES OGSÅ: Bechdel-testen – avslørar kvinner si rolle i film

«Bridesmaids» (2011)

Den kvinnelege utgåva av suksesskomedien «Hangover», tek brurestresset og kompliserte venninneforhold på kornet. Hovudrolleinnehavar Kristen Wiig har sjølv vore med å skriva manuset til dette fyrverkeriet av ein komedie, som får publikum til å raudne.

«Juno» (2007)

Denne feelgood-komedien, som stakk av med Oscar for beste originalmanus, er ein moderne klassikar. Rolla som den tørrvittige gravide tenåringen Juno MacGuff vart gjennombrotet til skodespelar Ellen Page.

I likheit med dei andre filmane på denne lista består «Juno» Bechdel-testen, som går ut på om filmen har to namngitte kvinnelege karakterar, som snakkar med kvarandre om noko anna enn ein mann.

Men denne filmen er om mogleg enno meir motstraums. Ifølgje ein brukar på nettstaden bechdeltest.combestår ikkje filmen anti-Bechdel-testen, som går ut på om filmen har to mannlege karakterar som snakkar om noko anna enn ei kvinne.

Uansett er det vanskeleg å ikkje bli glad i Juno.

LES OGSÅ: FN: Filmbransjen diskriminerer kvinner

«Hevn» 2015

Denne vestlandsproduserte psykologiske thrilleren har ei av dei mest befriande kvinnerollene i norsk film. Rebekka (spelt av Siren Jørgensen) er verken hore eller Madonna, men ein protagonist ein aldri vert heilt trygg på om ein er for eller imot. Filmen, som er regissert av debutant Kjersti Steinsbø, er basert på «Dukken i taket», som ifølgje Ingvar Ambjørnsen er hans svartaste roman nokosinne.

Thea Hjelmeland sin debut som filmkomponist løftar det heile enno eit hakk.

LES MEIR:– Har me nokon gong sett ein kvinneleg antihelt?

 «Little Miss Sunshine» (2006)

Dette er ein lystig komedie for alle som rynkar på bryna over missekonkurransar for born. Ein heilt ny type roadtrip-film.

«Million Dollar Baby» (2004)

«I don’t train girls», seier boksetrenar Frankie Dunn (Clint Eastwood).

Clint Eastwood sin film med Hillary Swank i rolla som den hardtslåande boksaren Maggie Fitzgerald fekk ikkje mindre enn fire Oscar-prisar.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

ANNONSE