90-åringen som triksar kvar dag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VIDEO: Åse (90) er triksedronning

– Eg veit ikkje korleis eg skulle greidd meg utan ballen min, seier Åse Marie Nordhagen, som fyller 90 år komande søndag.

Kvar einaste dag hentar ho fram fotballen sin og øver seg på triksing inne i leilegheita si

i Strandavegen. Ikledd bluse og sine faste, svarte skinnsko og ei hand i veggen står ho og triksar med ballen, gjerne i éin time om gongen.

LES OGSÅ: Spelte fotball på 1300-talet

Åse Marie Nordhagen, født Nordby, kom til verda 22. november 1925, og vaks opp på Grünerløkka i Oslo. I gatene i storbyen måtte borna aktivisera seg sjølve, og blant Åse og venninnene hennar var triksing med ball spesielt populært. Då ho var 12 år gammal sette ho ny personleg rekord i tal på treff på ballen.

– Eg hugsar at eg begynte å triksa, og så måtte ei venninne inn for å eta middag. Då ho kom ut igjen utbraut ho: «Held ho på ennå?!». Eg klarte 1 003, slikt tar tid, fortel Nordhagen, som gjekk ut med S i gym etter sju års skulegang.

I dag, like før ho rundar 90 år, er Åse Marie Nordhagen meir glad i ballen sin enn nokon gong. Triksinga har ho halde tidvis ved like opp gjennom åra, men etter at ho kjøpte seg ein ny ball for eitt års tid sidan, har ho øvd kvar einaste dag.

LES SAKA I RYFYLKE!