Opnar ni nye Vinmonopol

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her blir det nye pol

Vinmonopolet bestemte i dag å opna butikkar i:

• Leinesfjord i Steigen i Nordland
• Heimdal i Trondheim i Sør-Trøndelag
• Hopen på Smøla i Møre og Romsdal
• Vikøyri i Vik i Sogn og Fjordane
• Våge i Tysnes i Hordaland
• Åsgårdstrand i Horten i Vestfold
• Oslo (uspesifisert)
• Son i Vestby i Akershus
• Sarpsborg i Østfold 

– Me øskjer å opna ein god miks av små, mellomstore og store butikkar neste år. Fleire kjem i distriktskommunar, og vil ytterlegare betre tilgjenget til Vinmonopolet i distrikta, seier administrerande direktør Kai G. Henriksen.

Dei minste kommunane der Vinmonopolet ynskjer å etablera butikk neste år – Steigen, Smøla, Vik og Tysnes.

– Med gode driftsrøynsler frå dei mindre butikkane vil Vinmonopolet kunne opna fleire slike i åra som kjem. Dette er gledelege nyhende for distrikts-Noreg, seier Henriksen.