Rekordmange kvinnelege ordførarar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

118 av ordførarane – nesten 28 prosent – er kvinner. Det er 6 prosentpoeng fleire enn i førre periode, og ny rekord, men framleis ein låg del, viser ei oppteljing gjort av Kommunal Rapport.

LES OGSÅ: Arbeidarpartipolitikar vil ha kvinner inn i kommunestyra

Arbeidarpartisiger
Når alle dei nye kommunestyra no har konstituert seg og valt ordførar, har Arbeidarpartiet fått ordføraren i 203 kommunar.

Ikkje sidan valet i 1987 har det vore eit høgare talet på Ap-ordførarar. Den gong fekk partiet 218 ordførarar.

Senterpartiet vart den andre store ordførarvinnaren, med 102 ordførarar. Det er ti fleire enn sist.

Høgre endar på 75 og er dermed partiet som mister flest ordførarar. Høgre mister makta i store byar som Oslo, Bergen, Tromsø, Bodø, Narvik, Ålesund, Haugesund og Arendal.

LES OGSÅ: Kåre Martin (22) vert landets yngste ordførar

Ein SV-ordførar
Dei borgarlege samarbeidspartia Frp, KrF og Venstre får også færre ordførarar enn i førre periode. KrF har fått 17 ordførarar, to færre enn sist, medan dei to andre blir omtrent halvert.

SV står igjen med éin ordførar, men det er til gjengjeld i hovudstaden.

 (©NPK)