Fantastisk opning på Falturiltu

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Søndag opna Falturiltu med over 100 involverte på scenen med Fargespill. Born og unge med røter frå kring 35 land song, spelte og dansa songar frå heile verda.

Maria Parr var òg med på å opna festivalen. Ho er festivalforfattar, og går som ein raud tråd gjennom heile festivalen. Det er utstillingar og seminar med forfattaren, i tillegg til at studentar ved Høgskolen Stord Haugesund set opp Tonje Glimmerdal-musikal.

Festivalen har i år har tatt mottoet til Tonje Glimmerdal; fart og sjølvtillit.

Falturiltu har henta namnet sitt frå Kråkevisa, som etter soga skal koma frå Stord.

LES OGSÅ: Maria Parr er stor i Russland

Under kan du sjå Fargespill sin versjon av den norske folkesongen Kråkevisa og «Oromiyaa» som er ein hyllest til området med same namn i Etiopia.

Dagsland og Nordstoga
Maria Parr er med på å møta Sigvart Dagsland når han held konsert i Stord kyrkje onsdag. Odd Nordstoga held konsertar fredagen og då kjem han truleg til å spela nokre av songane frå vaffelhjarteplata Bestevenn.

I tillegg til Stord kommune, blir det arrangement i nabokommunane Fitjar og Kvinnherad.

Stord kulturskule har eigen konsert saman med forfattaren Hans Sande. Sande er også blant kunstnarane ein får treffa i ord- og bilde-verkstaden som vil gå føre seg i Galleri Giga heile festivalveka, der også utstillinga hans Hjartet raknar, huset står, vil vera å sjå ut veke 46.

150-årsjubileum
Ingunn Røyset og Trio Vest vil gjera heile sju førestillingar rundt om i Sunnhordland, med musikk frå 1940-talet og tekstar frå barnebøkene Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen og Aldri fred å få.

Og barnebokfestivalen vil òg markera 150-årsjubileet til Alice i Eventyrland.

I tillegg blir det to heildagsseminar på høgskulen om nynorsk barne- og ungdomslitteratur og formidling.

Her er nokre av forfattarane som deltar på Falturiltu:

Rune Belsvik, Bente Bratlund, Tor Arve Røssland. Berit Rødstøl, Maria Parr, Sissel Horndal, Atle Hansen og Martine Grande, Anna R. Folkestad, Vegard Markhus, Anders Totland og Ingvild Sjo.

Festivalen varer i år éin dag ekstra:

– Det var så mykje me vil ha med, at me måtte utvida med éin dag ekstra, seier festivalsjef Roald Kaldestad.

Følg #Falturiltu på Instagram: