Gode grunnar til å faktisk gjera lekser
Er det bortkasta tid?
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Gode grunnar til å gjera lekser
Nei, meiner Arshad Jamil, gründer av Ungdomsakademiet.
– Hadde det ikkje vore for mellom anna heimelekser eg fekk, hadde eg aldri fått motivasjonen til å ta igjen det «tapte», skriv Jamil, som kom til Noreg som 13-åring.
I ein kronikk for NRK Ytring skriv han om verdien av heimelekser, og er frustrert over foreldreengasjementet.
– Når dei først veljer å engasjera seg, er det trist at argumentasjonen fokuserer på lite fritid, framfor forsking og fornuft, skriv Jamil.
No samlar mange foreldre seg mot heimelekser – les kvifor.
Jamil er takksam for leksene han fekk på skulen.
– Leksene ga meg eit ekstra rom av moglegheiter, og eg tvilar på om eg hadde fått gode nok arbeidsrutiner til å klara sivilingeniørstudiet på NTNU utan dei, skriv Jamil.