Jorulf Myrene, Vikebladet
Jorulf Myrene, Vikebladet

Då den kanadiske popstjerna Justin Bieber reiste heim frå hovudstaden seint i går kveld, la  jetflyet hans vegen over Sunnmøre. Det går fram på nettstaden Flightradar24. I følgje denne nett-tenesta, som gir deg høve til å følgje med på all flytrafikk verda over, la piloten kursen over Sunnmørsalpane og Ålesund før ferda gjekk vidare ut i Norskehavet.

Det er uvisst om Justin Bieber såg ut gjennom vindauget då han passerte Sunnmøre i ei høgde på 40.000 fot, men han hadde i alle fall høve til å sjå lysa frå Hareid dersom skydekket ikkje var alt for tett.

LES OGSÅ: Her sårar Justin Bieber Marthe (13) og tusen andre

Justin Bieber gjekk av scenen etter konserten for utvalde fans på Chateau Neuf i Oslo i går etter å ha spelt berre ein låt. Årsaka til dette skal ha vore at nærgåande fans ved scenekanten nekta å gi slepp på idolet sine bein.

LES SAKA I VIKEBLADET!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05
ANNONSE