Her sårar Justin Bieber Marthe (13) og tusen andre

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her sårar Justin Bieber Marthe (13)

Sunnhordland skreiv tidlegare denne veka om Marthe N. Koløen (13) som vann Bieber-billettar til seg sjølv – og heile familien.

I går var Marthe, storesøstera Cathrine og foreldra Sissel Elin og Kjell Magne på plass på Chateau Neuf i hovudstaden.

Bieber byrja med songen «Boyfriend», og alt låg til rette for ei strålande konsertoppleving.

Så gjekk pop-prinsen av scenen og forlèt, ifølgje VG, Norge sporenstreks.

LES MEIR:Vann Bieber-billettar til heile familien

 

– Skjønte ingenting
– Eg trur det var nokre jenter som hadde sølt litt vatn og kom borti buksa hans. Då han ikkje fekk til å tørka opp, klikka han og storma av scenen, fortel mamma Sissel Elin N. Koløen.

Marthe N. Koløen hadde gleda seg lenge til endeleg å få sjå sitt store idol live.

– Eg blei sjokkert og trudde det var tull. Eg skjønte ingenting. Det var ganske dumt at han ikkje kom tilbake, seier Marthe.

– Det var mange som grein og var svært lei seg, seier Sissel Elin. 

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om Justin Bieber?

Familien Koløen vann billettar frå Citycon og Heiane storsenter. F.v. Kjell Magne Koløen, Cathrine N. Koløen, Sissel Elin N. Koløen og Marthe N. Koløen. Arkivfoto: MARIUS KNUTSEN

LES OGSÅ:TV2: Bieber har brote avtalen

Kom aldri tilbake

Familien og dei andre frammøtte «Belieberane» blei sitjande i salen i nærare ein halvtime.

– Me håpte jo han skulle komma tilbake, men det skjedde ikkje, seier den gråtkvalte 13-åringen på telefon frå Oslo.

– Då det hadde gått ein halvtime kom Thomas og Harald frå «Senkveld» på scenen og lova at dei skulle prøva å gje oss ein ny sjanse. Sjølv veit eg ikkje om han er verdt å reisa for å sjå ein gong til, seier Sissel Elin N. Koløen.

Dottera Marthe tenkjer litt annleis på saka.

– Han skuffa meg veldig, men eg likar han enno. Eg håpar eg får sjansen til å sjå han igjen. Ein heil konsert, seier Marthe.

Pappa Kjell Magne Koløen synest ikkje noko om måten superstjerna oppførte seg.

– Heilt i orden å vera trøytt og lei. Men ein må takla ein slik situasjon om ein skal vera idolet til så mange.

Les saka i Sunnhordland!

TEST DEG SJØLV: Kva veit du om Justin Bieber?

Her er det Justin Bieber sjølv seier om saka: