Framtida.no skal laga meir glokal journalistikk om klimaendringar og framtidsvisjonar.

mm
Faktaboks

Framtida.no blei starta hausten 2010, og fyller fem år i år.
Talet på brukarar er aukande og ligg no på kring 40.000 i månaden.
Nyhende- og debattavisa for unge har kontor i Oslo og på Stord.

Les den redaksjonelle rapporten vår for 2014 her!

LES FAKTALUKK FAKTA

Nyhende- og debattavisa for unge får 50.000 kroner i støtte frå Fritt Ord til å lada opp til klimatoppmøtet i Paris som byrjar i slutten på november. Tidlegare i år samarbeidde Framtida.no med lokalavisene Sunnhordland og Grannar om setja klima på dagsorden i lokalvalkampen – også då med støtte frå Fritt Ord.

– Me tar det som ei tillitserklæring at Fritt Ord vel å støtta satsinga vår på å setja klima på dagsorden, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav Langåker.

Framtida.no vil vera til stades under klimatoppmøtet i Paris, og vil i tida før setja fokus konsekvensar av klimaendringar og ulike nye løysingar og spirer til endring som finst i lokalsamfunna.

Støtta frå Fritt Ord er ein del av satsinga til Fritt Ord på ny journalistikk.

LES OGSÅ: Desse får Fritt Ord millionane

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.05

LES OGSÅ

ANNONSE