– Kulturhusa er levande og vitale
Trass i at mange kommunale kulturkroner går til bygging av nye kulturarenaer, har det ikkje gått ut over aktiviteten i dei allereie etablerte kulturhusa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det går fram av rapporten «Arena, kunst og sted – Norske kulturarenaer i møte med kunstens nye krav», som vart lagt fram i Oslo tysdag. Rapporten vil vise kva som faktisk skjer av aktivitet på alle kulturarenaene rundt om i landet.
– Funna våre tyder på at kulturhusa dei siste åra har blitt meir opptekne av å samarbeide, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Drifta er blitt meir profesjonell og det er eit høgt aktivitetsnivå, seier forskar ved Uni Research Rokkansenteret Ole Andreas Brekke i ei pressemelding.
LES OGSÅ:Kulturhusa som kveler kulturlivet
Kulturhusboom
Bygging av nye arenaer har lenge vore eit kulturpolitisk satsingsområde der store ressursar er brukt i arbeidet med å utvikle ny infrastruktur for kunst og kultur. Frå 90-talet og fram til i dag har det vore ein stor auke i talet på kulturhus i landet.
– Det er mykje synsing om korleis tilstanden er blant kulturhusa. Media har laga eit bilete av store, flotte bygningar som står tomme rundt omkring i landet og som ingen har råd til å fylle med kultur. Materialet vårt viser at det går føre seg mykje aktivitet lokalt, seier Ole Andreas Brekke.
Han har hatt med seg Gry Brandser, Anne Homme og Aslaug Nyrnes i arbeidet med å forske på framveksten av kulturhus og arenaer i Noreg og den aktiviteten som går føre seg lokalt. Oppdragsgivar har vore Kulturrådet.
Hovudrapporten består av studiar av Sandnes kulturhus, USF Verftet i Bergen, Bergen Kunsthall og Odda bibliotek. Det er også gjort ei breiddegransking av 119 kulturarenaer rundt om i landet. I den tekniske rapporten vert sentrale funn drøfta i lys av dei fire djupnestudiane.
LES OGSÅ:Ullensvang på konserttoppen
Forskjellar
Resultatet viser tydelege forskjellar mellom ulike typar av kulturarenaer, særleg mellom dei allmenne – og ofte kommunalt finansierte kulturhusa, og dei meir spesialiserte og oftast statleg finansierte kunstarenaene. Mykje tyder på at dei allmenne kulturhusa vidarefører kjerneverksemda til dei tradisjonelle stadorienterte kulturhusa, medan dei spesialiserte arenaene i bykommunane ønskjer å vere formidlingssentral for det profesjonelle kunstlivet og dermed vidareføre rolla til riksinstitusjonane.
– Desto større nedslagsfelt arenaen har, desto meir spesialisert blir han. Det er ikkje overraskande flest allmenne kulturhus i små kommunar, og dei fungerer også som kino og kulturskule, seier Gry Brandser.
LES OGSÅ:Kåra til Årets kulturkommune
Meir samarbeid
Eitt av funna i rapporten viser at mange kulturhus samarbeider oftare og tettare.
– Dei allmenne arenaene samarbeider mest med det lokale kulturmiljøet og er i større grad lokalt forankra. Dei spesialiserte samarbeider meir internasjonalt. Samtidig er også dei spesialiserte arenaane lokalt forankra i kraft av at dei fungerer i og på ein stad, og har også ein dialog med lokale kunstnarar, seier Brandser.
Men sjølv om dei allmenne arenaene samarbeider tett med det lokale kulturlivet, er det ikkje alle som har råd til å leige lokale i dei nye kulturhusa.
– Lokale foreiningar kan ha problem med å kunne ta kulturhusa i bruk, fordi scenene er velutstyrte og dermed dyre å leige. Sjølv om det ligg eit kommunalt tilskot i botnen er prisnivået høgt for frivillige lag og lokale foreiningar. Så sjølv om profilen og arenaen ønskjer å famne lokalkulturen, er det nødvendigvis ikkje like lett å gjennomføre, seier forskar Gry Brandser. (©NPK)