Hugs å stilla klokka!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Natt til søndag går me igjen over på normaltid, eller vintertid som det ofte blir kalla. Det gjer ein ved å stilla klokka ein time tilbake, noko som gjer at døgeret blir ein time lengre denne dagen. Morgonane blir ljosare igjen ein liten periode, og det blir tidlegare mørkt om kvelden.

Ein stiller klokka to gonger i året, og viss ein er usikker på kva veg ein skal stilla den, er ein god hugseregel at klokka alltid skal bli stilt mot sommaren. Det vil seia at den om våren skal bli stilt ein time fram, medan den om hausten – no – skal bli stilt ein time tilbake.

Les saka på Tysnesbladet.no!