«I Kina er Nora eit feministisk ikon»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Spår suksess for Fosse-opera

– Operaen hadde verdspremiere i Kina i oktober i fjor og skal no på turne i Nord-Noreg, fortel kunstnarleg og administrerande direktør Inger Burersund i Ibsen International til Nynorsk pressekontor.

Framsyninga er ein nyskriven kammeropera der Fosse diktar vidare på Et dukkehjem av Henrik Ibsen. I operaen set han søkjelys på den eldre kvinna (Nora) som ser tilbake på livet sitt. Ho spør seg sjølv om det var rett å forlata mann og barn for å realisera seg og om livet ho planla blei slik ho ønskte det skulle bli, heiter det i omtalen.

LES OGSÅ: Her blir Jon Fosse utnemnd til æresdoktor

Uslåeleg kombinasjon
Burersund fortel at det er stor interesse for stykket internasjonalt. Ho meiner forklaringa er kombinasjonen av Ibsen og Fosse.

– Ibsen er ein av dei absolutt mest kjende dramatikarane internasjonalt, og Jon Fosse er ein av dei mest spelte nolevande dramatikarane over heile verda. Dei er begge mykje meir kjende i utlandet enn i Noreg. I Kina er til dømes rollefiguren Nora eit feministisk ikon, seier ho.

Ein av dei fremste samtidskomponistane i Kina, Du Wei, har komponert musikken til den nyskrivne Fosse-operaen.

– Også nokre av dei beste visuelle kunstnarane i Kina er med på å gjera framsyninga til flott oppleving, seier Burersund.

På scenen er det òg internasjonalt. Operasongarane kjem både frå Noreg, Kina, Sverige, England og Sør-Afrika.

LES OGSÅ: Fosse ut mot språktvang for journalistar

Nynorsk tekst
– Dei syng på engelsk, men teksten er teksta på norsk – og sjølvsagt på nynorsk, fortel Burersund.

På grunn av den store internasjonale interessa er det berre Nord-Noreg som får glede av framsyninga i denne omgangen.

– Etterpå blir det fleire turnear i Kina og internasjonalt. Det kan vera at det blir framsyningar til Austlandet seinare, kanskje om nokre år, det veit vi ikkje. Det som er sikkert er at operaen Nora – too late får eit langt liv, seier Inger Burersund. (©NPK)