UNICEF: Handvask kan redda 800 barn dagleg

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kan redda 800 barn - kvar dag

Organisasjonen seier diaré́ som kjem av dårleg hygiene eller manglande tilgang til vatn, kostar over 800 barn livet kvar dag.

– Saman med drikkevatn og tilgang til toalett er hygiene – spesielt håndvask med såpe – avgjerande for å nå utviklingsmåla, seier Sanjay Wijesekra, som leier UNICEFs program for vatn-, sanitær- og hygieneprogram.

LES OGSÅ: Musikkvideo redda Sonita (16) frå tvangsekteskap

Halvparten vaskar henden
I dei fleste landa i Afrika sør for Sahara vaskar berre halvparten av befolkninga hendene, og sjølv helseklinikkar manglar ofte fasilitetar for handvask, seier organisasjonen. Fire av ti helsestasjonar ligg meir enn 500 meter frå næraste vasskjelde, skriv UNICEF i samband med Verdas dag for handvask.

– Frå fødselen – når dei uvaska hendene til fødselshjelparane kan overføre smitte – gjennom spedbarnsalder, skule og vidare framover, er handvask avgjerande for barnehelsa, seier Wijesakra og kallar handvask «det rimelegaste, enklaste og mest effektive helsetiltaket vi har» (©NPK)

 LES OGSÅ: Barnedøydelegheita halvert sidan 1990