Med sirkus som levebrød

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Eg hadde faktisk høgdeskrekk då eg var lita, fortel Karoline lattermildt.

For det er lite som tyder på at dette er noko ho slit med i dag.

– Eg elskar å klatre og å vere høgt oppe i lufta. Kroppen min er bygd for å klatre i tau.

LES OGSÅ: Sirkus Arnardo droppar elefantane

Nysirkus
Det starta alt i barndomen. Å stå på scena og å spele teater har alltid appellert til henne. I to år var ho fast deltakar då Oddrun Aarflot inviterte ungane på Mork til teatergruppe. Det gav meirsmak.

– Eg var 15 år då eg søkte meg til dramalinja på Fagerlia vidaregåande skule i Ålesund. Eg jubla då eg kom inn.

På vidaregåande lærte ho om ulike typar teater og om improvisasjon.

– Teater er så mykje meir enn å spele kjente skodespel. Det var spennande å kunne lage sitt eige, improvisere og kanskje vere litt samfunnskritisk.

Det som vart avgjerande for Karoline var då ein av lærarane på skulen viste elevane ein film frå det verdskjende Cirque de Soleil – ein miks av sirkusartistar og gateartistar som turnerer med eit ellevilt show. Dette ville Karoline lære meir om. Året etter vidaregåande søkte ho seg til sirkuslinja ved Fjordane folkehøgskule på Eid.

– Eg driv innan sjangeren nysirkus. Det er scenekunst med utgangspunkt i dei fysiske sirkuskunstane, utan at det handlar om å vise seg fram som nokon «superhelt» som kan gjere kule triks. Det handlar om å formidle ei historie. Det er informativ scenekunst som tek utgangspunkt i dei fysiske og psykiske disiplinane.

LES OGSÅ: Adrenalin på stang

Tau
I dag har Karoline bachelorgrad frå sirkusuniversitetet i Stockholm, der ho bur fast. Ho har lagt bak seg tre år på skule i Danmark, og tre år i Stockholm, og jobbar fulltid som artist. Spesialfeltet er tauklatring.

– Det er litt som i musikk, at vi må spesialisere oss på eitt felt, og så kjem alt det andre i tillegg. Vi kan gjere fleire ting, men det er vanskeleg å verte skikkeleg god på alt. Det er slik at kroppen din har lettare for å lære nokre ting. Kroppen min byggjer lett musklar, men har vanskar for å verte smidig. Difor passar eg perfekt i tau.

Tempo er eit stikkord for Karoline når ho klatrar.

– Det handlar om meir enn å berre gjere triks. Eg prøver å halde eit visst tempo i tauet, og er gjerne vektlaus og gjer akrobatiske ting i lufta.

No jobbar ho fulltid som sirkusartist, og har stifta eige selskap saman med sirkusvenene Moa Asklöf Prescott som er utdanna innan slakk line og Elise Bjerkelund Reine som er kontorsionist (slangemenneske). Saman kallar dei seg «Tanter», og turnerer no med showet «Vixen» rundt om i Europa.

– Stykket er ei feiring av det å vere kvinne, utan at det handlar så mykje om feminisme. Vi prøver å vise det svake i det sterke. Det er noko abstrakt å forklare. Folk må kome og sjå sjølve, seier Karoline.

– Det er kanskje ein stressande livsstil, men det er dette eg har hatt lyst til heile livet. Eg får reise mykje og får møte mange spesielle og flotte menneske. Eine læraren min var 45 år og klatra framleis i tau, så eg ser føre meg at dette er noko eg vil halde på med, så lenge eg kan og har lyst til det.


Elise Bjerkelund Reine er kontorsionist (slangemenneske) og har spesialisert seg i svingande trapes. Foto: Andreas Bergmann