– Ei historisk skattkiste

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Bevaring av pressefotoarkiv vil vere eit prioritert område for Nasjonalbiblioteket framover, og me ser for oss fleire avtalar på line med dette, seier direktør for Nasjonalbiblioteket Aslak Sira Myhre i ei pressemelding.

Dei skal no i samarbeid med Bergens Tidende utvikla ein plan for det vidare arbeidet med fotoarkivet som sikrar alle brukarar tilgang til materialet, i originalformat, og ikkje minst digitalt.

Den publiserte utgåva av Bergens Tidende fins allereie i Nasjonalbiblioteket, trykt og digitalt.

LES OGSÅ: Nynorskbrukarar takkar BT

Vestlandsk skattkiste
Nasjonalbiblioteket har gjennom mange år samarbeidd med institusjonar og brukarar over heile landet om bevaring av privatarkivmateriale på fotofeltet. Gjennom digitalisering og tilgjengeleggjering på nett blir materialet stilt gratis til rådvelde for publikum.

– Fotoarkivet til Bergens Tidende er ei historisk skattekiste, og no kan vi opne denne kista for alle, seier sjefredaktør Øyulf Hjertenes i Bergens Tidende i pressemeldinga.

Den ferske sjefsredaktøren, som nyleg tok over jobben etter Gard Steiro, rosar Nasjonalbiblioteket sin innsats for at materialet blir ivareteke og gjort tilgjengeleg for publikum,

– Bileta tekne av BTs fotografar opp gjennom historia er ein sentral del av det kollektive minnet i Bergen og på Vestlandet. Dei er unike forteljingar om menneske og samfunnsutvikling i vår del av landet gjennom etterkrigstida.

LES OGSÅ: Digital bokfylle får merksemd

Biletet av Noreg
Direktøren for Nasjonalbiblioteket meiner at fotoarkiva til Bergens Tidende og dei andre regionavisene i Noreg ikkje berre er av lokal interesse.

– Til saman utgjer dei biletet av Noreg i eit heilt hundreår. Avtalen sikrar at dette verdifulle materialet blir bevart for ettertida og gjort tilgjengeleg både for forskarar og alle som er interesserte, seier Sira Myhre.