Anbjørn Steinholm Frislid (19) er yngstemann i det nye kommunestyret i Ørsta. Han vil vere ungdomens ombodsmann.

Marius Myklebust, Møre-Nytt
Marius Myklebust, Møre-Nytt

Saka var først publisert i Møre-Nytt.

– Då eg bestemte meg for å engasjere meg i politikken, sette eg meg ned med alle partiprogramma og las dei i detalj. Eg brukte lang tid på det, og enda til slutt opp med Frp, fortel 19-åringen.

Anbjørn Steinholm Frislid har vore aktiv i politikken sidan 2012. Han har vore leiar i fylkeslaget til Framstegspartiets Ungdom (FpU) og har no det øvste vervet i Sunnmøre FpU.

LES OGSÅ: FpU til kamp for eldreomsorga

Eldreomsorg
Ved kommunestyrevalet var Anbjørn nominert på den utsette 6.-plassen.

– Då eg såg valresultatet, trudde eg at eg ikkje kom inn. Vi fekk jo berre inn fem mandat.

Men plass vart det. Personstemmer og slengarar sikra 19-åringen det siste Frp-mandatet i Ørsta. Trass i den alderen, var det ikkje ei typisk ungdomssak som utløyste det politiske engasjementet til Anbjørn.

– Det var kampen for ei betre eldreomsorg som engasjerte meg. Det er våre besteforeldre det er snakk om, og dei skal ha det best mogleg. Ei av dei kampsakene mine er å jobbe for ein verdig eldreomsorg for alle, forklarer han.

LES OGSÅ: Krev høgare BSU-grense

Carl I. Hagen
Anbjørn må tenke seg om når vi spør kven det politiske førebildet hans er, men endar opp med eldregeneralen i partiet.

– Carl I. Hagen snakkar rett frå levra, han legg ikkje noko mellom. Og han har løfta Frp fram til det partiet er i dag.

I likskap med mange andre ungdomspolitikarar, ser Anbjørn på seg sjølv som hakket meir liberal enn morpartiet.

– Ja, eg høyrer til nok den liberale fløya i partiet. Men eg veit jo at ideologi og parti har mindre å seie i lokalpolitikken. Sjølv om eg vil jobbe for Frp sine standpunkt lokalt, til dømes å kjempe mot eigedomsskatten, så er det viktig å samarbeide på tvers av partilinjene.

LES OGSÅ: Hagen reagerer på pensjonist-kritikk

Ungdomssaker
19-åringen har trua på den nye samarbeidskoalisjonen i Ørsta.

– Det er jo ei litt spesiell samansetning med Frp, Arbeidarpartiet og Senterpartiet, men eg trur det vil fungere godt. Og så er jo dette først og fremst eit valteknisk samarbeid. Partia vil jo jobbe for sin politikk i kommunestyret.

Trass i engasjementet for dei eldre, er Anbjørn medviten på ansvaret sitt som ungdomspolitikar.

– Det er for få ungdommar i kommunestyret. Då er det ekstra viktig at vi som faktisk er valt inn jobbar for ungdommen sine saker. Det gjeld særleg å syte for eit godt aktivitetstilbod. Det er ikkje alle som er interessert i fotball og ski. Då må vi ha alternativ. Eg meiner det er viktig å styrke kulturskulen og Kaihuset.

LES OGSÅ: Her stal dei unge valshowet

Studiar og politikk

Anbjørn fullførte vidaregåande i vår, og er no i gang med historiestudiar ved Høgskulen i Volda.

– Studiane er ikkje som eg trudde dei skulle vere, men det er veldig spennande. Men eg må innrømme at eg ikkje er heilt sikker på kva eg skal bli. I første omgang blir det å kombinere studiar og politikk.

Ved førre kommunestyreval i Ørsta vart Fredric Holen Bjørdal valt inn som 21-åring. To år seinare vart han stortingsrepresentant. No er spørsmålet om det same skjer med Anbjørn.

– He he, nei eg har ikkje nokon store ambisjonar om å hamne på Stortinget med det første, iallfall. Det får heller bli seinare. No vil eg konsentrere meg om lokalpolitikken.

LES OGSÅ: Ikkje fleire kvinner i kommunestyra

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

Kommentarar

ANNONSE