Konkluderer ikkje før neste år om røysterett for 16-åringar
Regjeringa vil vente på evalueringa etter forsøk med røysterett for 16-åringar før ho konkluderer om røysterettsalderen bør senkjast eller ikkje.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Evalueringa er først klar i november neste år.
– Når den ligg føre, vil vi på bakgrunn av resultata og prinsipielle vurderingar ta stilling til kva som skal skje vidare. Eitt alternativ er å sette ned røysterettsalderen. Eit anna er å halde med forsøk. Eller ein kan velje å halde røysterettsalderen der han er i dag, seier statssekretær Jardar Jensen (H) i Kommunal- og fornyingsdepartementet til NTB.
Barneombod Anne Lindboe uttalte tysdag at ho meiner dei to rundane med prøveforsøk under lokalvala i 2011 og 2015 tilseier at 16-åringar bør få høve til å røyste permanent. (©NPK)