Synnøve Macody Lund er vakker

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag lanserer Synnøve Macody Lund debutromanen «Personar du kanskje kjenner» – ei bok som etter alle meldingar å døme er verd å lese. Ikkje minst vart leselysta pirra då avtroppande Stord-ordførar Liv Kari Eskeland skriv på Facebook at: «du har skrive ein roman som riv i hjarterøtene våre, at du så rått og brutalt og likevel så varleg set oss inn i kvardagslivet, slik det kan vera, let oss sjå inn i menneskesinn så vare, såre, og fulle av lengt, forventning, sorger og gleder – slik livet er».

Ei fantastisk bokmelding frå ein privatperson (og stolt ordførar) utanfor meldarkorpset. Eg blar nedover kommentarane og ser at fleire vert inspirert.

LES OGSÅ: – Usunt å la jenter i tenåra lese dette

Og så stoppar eg opp: «Og, hun er vel en av de aller vakreste norske kvinnene jeg vet om Liv Kari Eskeland!» kommenterer Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge.

Kommentaren er verken stygg eller usann – Macody Lund har trass alt modellbakgrunn, i tillegg til å vera filmkritikar, regissør, skodespelar og no forfattar. Men eg lurer på kvifor det i det heile teke er relevant?

Debutanten har fått ein del presse, mellom anna frå Dagsavisen, som skriv: «Alle som tror at Synnøve Macody Lund bare er hun pene, langbeinte, sikkert litt dumme blondinen fra TV, vil få fordommene i trynet når de leser debutromanen hennes».

Forfattaren kjenner til fordommane og fortel i intervjuet om korleis det vart sensasjonstilstandar då ho vart best i kullet på litteraturvitskap. Ho som var blond, symmetrisk og høg. Slike ting er freistande å ta tak i.

Å kommentere ein forfattar sin utsjånad i samband med ei bokutgjeving er uansett like irrelevant som å kommentere politikarar si vekt, klesdrakt eller hårsveis i samband med offentlege opptredenar.

Og sjølv om det å kalla nokon vakker slett ikkje er nettrolling, så er det ein kommentar som byggjer opp under førestillingar om at jenter og kvinner er sin utsjånad. Er kva me ser, viktigare enn kva kvinner gjer?

Mammabloggaren Jona Runarsdottir traff spikaren på hovudet med eit blogginnlegg som gjekk viralt i fjor. Under tittelen «Ikke fortell min datter at hun er «fin»» skriv Runarsdottir at ho er uroa over kva signal dei gjentekne komplementa på utsjånaden sender til fireåringen. Bloggaren meiner at beskjeden dottera får gjennom fokuset på utsjånad framfor person eller evner er: «pen utenpå, er lik positive reaksjoner,» eller at: «Det viktigste ved meg er at jeg er fin».

Er dette signala me vil sende til unge jenter?

LES OGSÅ: Jenter som flyg

Gjennom sosiale medium som Facebook får dagens unge – og vaksne – uendelege moglegheiter til å framstille seg sjølv. Her kjem valutaen i «likes». Har du ei tenåringsjente på venelista kan du gjerne gå inn på profilbileta og sjå hundrevis av «likes» og nesten tallause kommentarar som; «så vakker», «penaa» og «fineste i heeele verden». Det er stort sett venninner som skriv dette.

Det er med litt bismak i munnen at eg ser vaksne kvinner oppføre seg som 14-åringar i sosiale medium. Eg er rett og slett overraska over at direktøren i Innovasjon Norge, rettar fokus på utsjånad når det absolutt burde vorte snakka om prestasjon. Krohn Traaseth er ei dyktig dame, som burde vere klar over kva kvalitetar som er viktige å hylla.

Kan ikkje Macody Lund få verte omtala som «talentfull», noko ho utan tvil er?

Tal frå Ungdata viser at norske ungdommar – spesielt jenter – har eit negativt sjølvbilete, som er tett knytt opp mot om dei er nøgd med utsjånaden sin.

Unge jenter treng å leggje eigenverdien sin i indre faktorar – framfor ytre. Det er vanskeleg å få til dersom dei ser at samfunnet og media heile tida flyttar fokuset ut – anten det er positive eller negative karakteristikkar.

Eg gler meg til å lesa boka – uavhengig av biletet på innsida av permen.