Regissør Kjersti Steinsbø har laga vestlandsskrekk av det Ingvar Ambjørnsen sjølv har kalla si mørkaste bok.

Kjetil Østrem, Bladet Sunnhordland
Kjetil Østrem, Bladet Sunnhordland

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

– Det blir veldig kjekt, og eg gler meg. Samstundes er det ganske nervepirrande. Du legg på ein måte hovudet på hoggestabben, seier regissør Kjersti Steinsbø, som også har skrive manus til den psykologiske thrilleren, basert på Ingvar Ambjørnsen sin roman, «Dukken i taket».

LES OGSÅ: Filmherrar i dobbeltroller

Hotel Mundal i Fjærland i Sogn og Fjordane er både forlokkande og skremmande i «Hevn». Foto: Euforia Film

Mange å takka
Filmen, med Stord-jenta Siren Jørgensen i hovudrolla, har alt vore ferdig i to-tre månader, men noregspremieren blir fredag 6. november. Før det blir det altså førpremierar i Sogn og Fjordane og på Stord, i tillegg til festpremiere i Bergen tysdag 3. november.

Me er veldig glade for å ta filmen med oss og visa han fram her på Vestlandet. Siren og eg må jo sjølvsagt heimom. I tillegg er det kjekt å visa han fram i Sogn, der filmen vart spela inn. Me har mange å takka der oppe, seier Jørgensen.

Førebudd på ris og ros
«Hevn» vart spela inn på Hotel Mundal i Fjærland. Stjernenamn som Anders Baasmo Christiansen og Trond Espen Seim har også roller i filmen, som spinn handlinga rundt ei kvinne med sterk hevntrang.
Og regissøren er nøgd med produktet.

– Du blir jo aldri hundre prosent nøgd, uansett kva du lagar. Men eg må seia meg svært nøgd med det me har fått til med «Hevn».

Er du klar for tilbakemeldingane frå meldarkorpset?

Ja, eg er førebudd på både ris og ros, eg. Film er jo i høgste grad subjektivt, og blir oppfatta deretter, seier Steinsbø.

LES OGSÅ: «Okkupert» på fjernsynsskjermen

Det vert eit gledeleg gjensyn med Helene Bergsholm, som hadde hovudrolla i «Få meg på, for faen!» Foto: Euforia Film

Western
Regissøren er alt i gang med eit nytt prosjekt, etter å ha fått 100.000 kroner i støtte frå Vestnorsk Filmsenter til å utvikla ein idé om ei 17 år gammal norsk jente som reiser frå Vestlandet til Nord-Amerika, etter å ha vore ansvarleg for at ein mann mista livet. Handlinga er lagt til 1850-åra.

Eg håpar dette er noko me kan gå vidare med og få realisert, seier ho.

Stas
Kinosjef Herdis Belsvik legg ikkje skjul på at det blir ekstra stas med førpremiere på ein så «lokal» film som «Hevn».

Ja, det er veldig stas, med både regissør og hovudrolleinnehavar frå Stord. Difor har me også tenkt å få til ei ekstra flott markering denne kvelden.

Ho vil ikkje røpa for mange detaljar, ettersom planlegginga ikkje er heilt i mål.

Men det blir i alle høve meir enn ved ein tradisjonell førpremiere, seier kinosjefen.

Ho understrekar at folk ikkje må gløyma ut at dette blir ei framsyning som blir open for alle.

Både Kjersti og Siren vil nok ha med seg både slekt og vener på denne hendinga. Utanom det blir det fullt mogeleg å kjøpa billett på vanleg måte.

Kva tid opnar billettsalet?

Det vil skje så snart me har alle detaljar på plass. Men det blir rimeleg snart, seier Herdis Belsvik.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.04

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE