Rekordval i kyrkja

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For fire år sidan deltok 13,5 prosent av dei med røysterett i kyrkjevalet. Ved årets val  var det 506 656 som gjekk til valurnene, eller 16,7 prosent.

Særleg i Oslo har auke vore stor, frå 8,3 prosent i 2011 til 16,3 i 2015.

Her ser du valresultat frå kvart bispedøme eller kvar meiningheit.

Men det endelege resultatet av valet må ein vente endå lengre på. Valordninga i kyrkjevalet er nemleg ein hybdrid av liste- og personval, direkte og indirekte val.

– Om du skal ha greie på kven som utgjer Kyrkjemøtet 2016-2019 må du vente heilt til 8. desember, seier seniorrådgjevar Gunnar Westermoen til NTB.

Delar av kyrkjevalet er indirekte. Det tyder at dei nyvalde kyrkjelydsråda i fire av bispedøma (Tunsberg, Agder og Telemark, Bjørgvin og Møre) skal ha tilleggsval etter valet, om tre av dei sju lekfolksrepresentantane til sine bispedømeråd.

LES OGSÅ: Blei valt inn med éi stemme

Svein Arne Lindø i Kyrkjerådet gir årets kyrkjevalkamp æra for den auka interessa.

– Mobiliseringa rundt ja eller nei til vigsling av likekjønna i kyrkja har engasjert langt utanfor kjernetroppane. Kampanjane til Open folkekyrkje og nettverket Levande folkekyrkje har ført til at mange har gjennoppdaga noko av sitt ansvar som kyrkjemedlem, seier han på Kyrkja sine nettsider.

Dei nyvalde leiarane vil få ei rekkje store saker å arbeide med i tillegg til saka om vigsel for homofile. Særleg vert det krevjande å finne nye ordningar når Kyrkja og staten løysnar banda.

LES OGSÅ: Stor pågang i kyrkjevalet