Fleire klamydia-tilfelle

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser tal frå Nasjonalt folkehelseinstitutt.

Klamydiaførekomsten målt etter folketalet var dermed nesten like høg som i toppåret 2008, men utan at Folkehelsa ser endringa som dramatisk.

Førekomsten av klamydia i Noreg har vore stabilt høg gjennom fleire år, skriv instituttet på nettsidene sine.

LES OGSÅ: Fleire klamydiatilfelle

Kor stor den reelle førekomsten av klamydia er her til lands, er likevel meir uviss.

– Tala speglar i stor grad kven det er som vel å teste seg, og viser ikkje nødvendigvis den reelle fordelinga av klamydia i befolkninga, seier seniorrådgivar Hilde Kløvstad i Folkehelsa.

Talet på personar som undersøkte seg for klamydia, auka elles med 2 prosent frå 2013 til 2014. Prosentdelen som fekk påvist kjønnssjukdommen, auka samtidig frå 8,0 prosent til 8,5 prosent.

Den rapporterte førekomsten er størst i Troms, Oslo og Finnmark.

Klamydia smittar ved ubeskytta sex og er i dag den mest vanlege seksuelt overførbare bakterielle infeksjonen her til lands.

– Det viktigaste du kan gjere for å beskytte deg sjølv og seksualpartnaren din mot desse infeksjonane, er å bruke kondom, seier Kløvstad.

LES OGSÅ: – Utdatert sexundervisning