Her stal dei unge valshowet

Med 19 under 30 år i bystyret, kuppa dei unge valet i Trondheim. – Menn i dress er ikkje akkurat underrepresentert i politikken, seier AUF-leiar i byen, Julie I. Hole (19).

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før valet undersøkte Framtida.no kva kommunar som hadde flest personar under 30 år blant dei fem øvste på vallistene. Oslo toppa den lista, men det var veljarane i Trondheim som synte størst tillit til unge politikarar.

Av 67 personar er heile 19 av dei nye bystyrerepresentantane i Trondheim under 30 år. Arbeidarpartiet var den store valvinnaren i byen med 28 representantar. 10 av desse er medlem i AUF.

LES OGSÅ: Her er kommunane med flest unge på topp

Stolt over resultatet
Det var ikkje berre dei øvste kandidatane, som var førehandskumulerte og dermed automatisk får stemmetillegg, som vart valt inn. Veljarane gav også andre unge kandidatar personstemmer.

Ifølgje eit oversyn Adresseavisen har laga, utgjer personar fødd på 90-talet den største enkeltgruppa i bystyret. Nittitallspolitikarane er fleire enn både 40-, 50-, 60-, 70- og 80-talet kvar for seg.

Julie Indstad Hole (19) er leiar i AUF i Trondheim og bystyrekandidat for Ap. Ho er stolt over valresultatet.

 Eg syns det er utruleg bra at vi klarde å få ti AUF-arar inn i bystyret. Ungdom treng å bli høyrt, og trondheimarane har sagt tydeleg ifrå om at vil ha unge i bystyret. Eg er glad for at vi er så mange som skal kjempe for fleire lærarar, helsesystre og tilsette i eldreomsorga, framføre skattekutt.

Unge og utålmodige
Hole gir mykje av æra til moderpartiet, som ho meiner har synt tillit til dei unge i partiet.

 Vi jobba hardt og lenge med valkampen, og blei vist tillit med å få heile 20 ungdomskandidatar på lista, med to blant dei øvste ti. Eg meiner vi har synt oss tilliten verdig ved å klare å få inn så mange unge stemmer. No skal vi kjempe for viktige saker, seier ho.

Politikaren seier hovudfokus ligg på dei politiske sakene, anten ein er ung eller gammal. Ho trur likevel det kan vere nokre skilnader:

– Eg trur vi er litt meir utålmodige til å få gjennom sakene vi trur på. Politikken har godt av slike unge, utålmodige stemmer.

 Kva er ulempene med eit ungt bystyre?

 Tja, eg trur ikkje ulempene er så store. Det er ikkje akkurat slik at dresskledde menn er underrepresenterte i politikken, korkje i Trondheim eller i Noreg for øvrig.

I faktaboksen kan du sjå korleis det gjekk i dei andre kommunane som toppa lista over unge kandidatar.

LES OGSÅ: Kåre Martin (22) vert ordførar

Faktaboks

Her er kommunane som hadde flest under 30 år på dei fem øvste plassane på vallistene:

Oslo kommune 18

Tromsø 17

Kristiansand 16

Bergen 16

Trondheim 15

Hamar 12

Stavanger 12

Sola 11

Nedre Eiker 10

Så mange under 30 år blei valt inn i kommune-/bystyra i kommunane:

Trondheim: 19

Bergen 14

Stavanger 12

Oslo 11

Kristiansand 10

Tromsø 9

Nedre Eiker 9

Hamar 6

Sola 5

Sokndal 10