Runar mangla 18 stemmer på å bli valt

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Runar mangla 18 stemmer

Runar Søreide Skogedal stod på 6. plass på lista til Fitjar SV i kommunevalet, og blei landskjent for å vera den første med Downs syndrom som stilte til kommuneval i Noreg.

LES SAKA: Runar kan bli historisk

Med 2,5 prosent av stemmene i Fitjar blei det ingen frå Sosialistisk Venstreparti som fekk plass blant dei 17 representantane i kommunestyret i Fitjar. Partiet mangla 18 stemmer på å sikra den siste plassen. Og hadde SV fått plass, så hadde Runar Søreide Skogedal sust inn framfor faren og førstekandidaten Geir Tore Søreide, ifølgje valansvarleg i Fitjar, Bente Fitjar.

Sonen fekk to fleire personstemmer og 12 fleire slengarar enn faren frå dei 1615 som nytta stemmeretten i Fitjar.

– Herleg! seier Runar Skogedal Søreide og ler godt når han høyrer at han fekk fleire stemmer enn faren.

– Du er ikkje lei deg for at du ikkje kom inn i kommunestyret?

– Nei, eg er berre blid og fornøgd, svarer Runar før han seier at han må gå og laga middag. Han har nettopp kome heim frå jobb når Framtida.no ringjer han.

LES OGSÅ: Lysbakken: – Veldig stolt over Runar

– Viktig å spegla folket
Geir Tore Søreide synest det er kjekt at sonen får fleire stemmer enn seg sjølv.

– Eg synest det er interessant at fleire synest det er lurt at nokon med ei utviklingshemming deltar i eit kommunestyre, og håpar at nokon tar notis av det til neste gong det skal setjast opp kommunelister, seier 1.kandidaten til Fitjar SV.

Han seier at korkje han sjølv eller sonen hadde store ambisjonar om å koma inn i kommunestyret.

– Det er ikkje sorg i familien og me angrar ikkje. Me fekk sett fokus på noko som me synest er viktig. Det er viktig at kommunestyra er breitt samansett.

– Når dei rette føresetnadene blir lagt til rette, vil utviklingshemma, funksjonshemma, døve, blinde og andre ressurssterke folk kunne gjera ein god jobb i eit kommunestyre, held Geir Tore Søreide fast.

LES ALT OM LOKALVALET HER!