Taper stort på elbilbruk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Bømlo-Nytt.

Bompengeringen i Bergen går glipp av flest bompengeinntekter i fylket på grunn av utstrekt elbilbruk mellom bilistane. Om lag 20 millionar kroner. Dei neste på «pallen» når det gjeld tap av bompengeinntekter, er Bømlopakken og Halsnøysambandet, kvart av desse bompengeprosjekta går glipp av rundt to millionar kroner årleg.

LES OGSÅ: Halvparten irriterer seg over elbil-fordelar

Fylkesrådmannen i Hordaland har i sommar rekna på summane bompengeselskap i Hordaland tapar på bruk av elbilar, etter spørsmål frå politikarar i fylkesutvalet i vår og sommar, mellom andre bømlingen Inge Reidar Kallevåg (H). Gratispasseringane til elbilane medfører mindre inntekter til bompengeselskapa.

– Det er nok ein del elbilreisande som reiser meir enn det dei elles ville gjort – så lenge det er gratis å passera bomstasjonane, men det er uvisst kor mange færre elbilar som hadde passert bomstasjonane om det ikkje hadde vore betalingsfritak, skriv fylkesrådmannen i eit notat til fylkesutvalet sitt møte i slutten av august.

LES OGSÅ: Frp: Fjernar ikkje momsfritak på elbilar før 2017

– Dei fleste som har elbil ville nok mest sannsynleg hatt rabattavtalar med bompengeselskapa om det ikkje hadde vore fritak for elbilpasseringar, slik dei fleste fossilbileigarane har, skriv han vidare i uttalen.

Eigarar av elbilar slepp å betala bompengar for passeringar gjennom bomstasjonar, eller reiser med ferjer, der bompengar er lagt inn i billettprisen, slik som i det lokale ferjesambandet Langevåg-Buavåg.