MDG aukar mest: – Heilt fantastisk

Miljøpartiet Dei Grøne aukar mest. Ap og Sp aukar òg, medan Høgre og Frp går tilbake.

Tora Hope
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Heilt fantastisk, seier Lage Nøst, nasjonal talsperson for Grøn Ungdom rett etter at valdagsmålinga blei kjent rett etter klokka 21.

Han verkar litt mållaus.

– Det er over ALL forventning. Dette betyr at vi får mangedobla kandidatar i kommunane og at vi kjem til å kunne større krav enn enkeltkvinner og – menn har kunna så langt, seier Anna Serafima Svedsen Kvam, som òg er nasjonal talsperson for Grøn Ungdom.

Ho er særleg glad for at prognosane for heimbyen Stavanger er så gode.

Kring 3-400 er påmelde til Miljøpartiet Dei Grønes valvake, som finn stad på MESH i Oslo. Kvar enn ein snur seg møter ein spente smil, og lufta av vegetarmaten fyller lokala medan ein ventar på dei første talarane.

Shabana Rehman, 2. kandidat for Oppegård MDG er blant dei som er i fyr og flamme:

– Dette er heilt fantastisk. Det viser at folk vil ha forandring. MDG er eit protestparti, og folket protesterer. Folket kjem til å merke at vi pushar dei andre partia.

Shabana Rehman (t.h.) saman med 1. kandidat for Oppegård MDG Jens Nordahl og Marianne Müller.

FÅ DEI SISTE VALRESULTATA HER!

Har med gitaren
Talspersonane i Grøn ungdom Lage Nøst og Anna Kvam var naturleg nok særs spente før vallokala stengte klokka 21.

– Eg skal ingenting i morgon, så om det går skikkeleg bra så blir det fest, seier Anna.

– Eg har med gitaren, så anten vert det fest eller så vert det blues, seier Lage.

Dei to meiner alt som er meir enn ved førre val er eit godt resultat.

Om Miljøpartiet Dei Grøne får eit godt resultat vil landet sinnbyggjarar merke det, meiner dei to.

– Først og fremst vil klimadebatten bli langt tydelegare i kommunane, seier Lage.

– Einig, og dei verkeleg politiske endirngane vil vi merke over tid. Vi kjem til å stå på krava, seier Anna.

Nøst er særleg spent på kommunar der Miljøpartiet kan koma på vippen, som Oslo og Bergen.

Anna er særleg spent på heimkommunen Stavanger.

– I oljebyen har vi hatt ein sakte, men solid framgang, sa ho før dei to måtte springe avgarde for å øve på talane sine.

Følg lokalvalet her!

Ein hund fann òg vegen til talarstolen hos Miljøpartiet Dei Grøne.

Raudgrøn framgang
Klokka 22.15 var 38,6 prosent av stemmene talt opp. Då viste tala ein framgang på 2,3 prosent for Arbeidarpartiet og 1,8 prosent for Senterpartiet.

Høgre ligg 7 prosentpoeng lågare enn valet for fire år sidan og Frp tilbake 1,4 prosentpoeng.

Sjå oppdaterte valresultat her!